Førjulsfest på Bokn idrettshus

19. desember var borda dekka og pynta på idrettshuset, då Bokn hjelper Ukraina, saman med flyktningkoordinator, inviterte frivillige, tilsette frå kommunen og våre nye innbyggjarar frå Ukraina til koseleg førjulsfest.

Koseleg juleglede på Idrettshuset, 19. des. - Klikk for stort bileteKoseleg juleglede på Idrettshuset, 19. des. Grethe Heimvik

av Grethe Heimvik

Spreie juleglede

Bokn kommune har dette året tatt imot og busett 15 personar frå Ukraina, og denne kvelden var desse spesielt inviterte på fest der det vart servert både julegløgg og graut, samt småkaker og kaffi til dessert.

Denne flotte gjengen sørga for at lokalet vart pynta, at det vart servert både mat og drikke til alle frammøtte, og at julenissen var på plass. Frå venstre: Elisabet Taraldlien, Julianne Nilssen, Torny Rossabø, Ragnhild Trosnavåg og Annette Bokneberg.  - Klikk for stort bileteDenne flotte gjengen sørga for at lokalet vart pynta, at det vart servert både mat og drikke til alle frammøtte, og at julenissen var på plass. Frå venstre: Elisabet Taraldlien, Julianne Nilssen, Torny Rossabø, Ragnhild Trosnavåg og Annette Bokneberg. Grethe Heimvik

Desember er ofte forbunde med forventning og glede, og det er difor viktig at vi i denne tida forsøker å spreie litt juleglede til våre nye innbyggjarar, som kanskje har tankane sine hos familie og vener som framleis er i Ukraina.

Til stor glede for liten og stor kom sjølvaste julenissen på besøk, og og hadde med seg julegåver til alle som møtte til fest denne kvelden.

Vi takkar alle frammøtte for at dei stilte opp denne kvelden slik at det vart ein minnerik og hyggeleg kveld!

Fleire bilde frå kvelden: