Fornøgd dekoratør

Prosjekt-dekorering av Bokn Arena - Klikk for stort bileteLeif Stian Nes er fornøgd med arbeidet sitt. Jardar Havikbotn Leif Stian Nes har malt sør- og vestreveggen på Bokn Arena med ca. 400 sprayboksar. Både han og oppdragsgivar Bokn Arena Event er nøgde med resultatet.

Den sjølvlærte 34-åringen frå Tysvær legg til at han også har brukt pensel og maling, og fortel at det har gått med ein del kveldar og helger.

Stor interesse

Både TV-Haugaland, Haugesunds Avis og Tysvær Bygdeblad møtte opp 15. oktober for å høyra om prosjektet. Prosjekt-dekorering av Bokn Arena - Klikk for stort bileteBåde TV-Haugaland, Haugesunds Avis og Tysvær Bygdeblad møtte opp 15. oktober for å høyra om prosjektet Jardar Havikbotn Tormod Våga frå Bokn Arena Event fortalde at dei hadde ei grundig forbereding, der dei inviterte sambygdingar til å koma med idéar og bilder frå primærnæringane; jordbruk og fiske.

Leif Stian Nes blei då fortalt at han stod fritt i dekoreringa av sørveggen ut i frå temaet, og at vestsida måtte innehalda båtar og traktorar.

- Noko av kunsten blei laga medan eg jobba, etter ønske frå innbyggarar. Skuleungar stoppa også ofte opp og tok ein prat, seier Leif Stian Nes, som har hatt mange malekurs for skuleelevar.

Han vil kalla stilen sin for Graffiti/Gatekunst/Streetart. Andre prosjekt han har gjort på Haugalandet er all dekorering av Lillesund skole og Onkel Skrue i Haugesund og ein del rundt i Tysvær. Han held også på med prosjekt i Sveio.

Dei store bokstavane

Han er glad for at han fekk stå fritt i fargeval og detaljar, og ikkje minst i arbeidet med sørveggen. Denne er pompøs og prangande.

- Eg ville laga Bokn så stort som mogleg, med hardt vér rundt. Ville at den sida skulle «smella litt», fortel han.

- Eg er mest fornøgd med dei store Bokn-bokstavane. Det er ikkje enkelt å gjera det.

Ellers er han nøgd med fargane på begge veggane. Utfordringar har det også vore. Han nemner lift, vér, detaljproposjonar og fargeval.

Glad og audmjuk

Leif Stian Nes seier han har lært mykje og fekk utfordra seg sjølv på veldig mykje. Han sit igjen med ny kunnskap, erfaringar, litt eigarskap og stoltheit på veggane.

- Eg håpar alle på Bokn er fornøgde. Eg har prøvd å høyra på ønsker og formidlingar undervegs. Med tanke på kor stort prosjekt det er så er eg fornøgd med resultatet. Eg håpar eg får fleire slike oppdrag igjen og oppdrag på Bokn.

Kommunal støtte

Som huseigar godkjende Bokn kommune dekoreringsprosjektet i sommar. Ordførar Osmund Våga reknar også med at kommunen kan vera med på finansieringa.

Fleire bilde frå prosjektet: