Forskriftsendring

Logo, Lovdata - Klikk for stort bileteLogo, Lovdata lovdata.no I samband med fasen "Ein normal kvardag med auka beredskap" er Covid-19-forskrifta, § 6c andre ledd; «Unntak fra innreisekarantene for mannskap på passasjerskip i fast rute» endra.

Opphevinga av § 6c andre ledd betyr at det ikkje lenger er ei plikt for rederiet å sørga for at alle personar om bord kan halda minst 1 meters avstand til personar i annan husstand. Endringa inneber også at avgrensinga om at passasjerskipet kan ha inntil 50 prosent passasjerkapasitetsutnytting, ikkje lenger gjeld.

Forskriftsendringa ble vedteken fredag 24. september 2021 og tredde i kraft laurdag 25. september 2021 kl. 16.00, samtidig med øvrige vedtatte forskriftsendringar i samband med overgang til fasen «ein normal kvardag med auka beredskap».