Fotogåver i Bokn Arena

Fotogåver til glede for brukarar og besøkande til fleirbrukshallen; tar DU utfordringa også? 

Bilde: Ordførar Tormod Våga mottar gåva frå Kurt Misje, MisjeCollection.

Haugalandsstokken på eit sølvfat.

- Her får boknarane verkeleg servert det beste av det beste – på eit sølvfat!, slår Kurt Misje fast i det han rekker ordførar Tormod Våga gåva som skal symbolisera nettopp alle moglegheitene boknarane får i kraft av den flotte, nye fleirbrukshallen.

- Her er det jo kun fantasien som set grenser for kva for kjekke aktivitetar hallen kan fyllast med; kva med eit slag kort, f.eks, seier Misje og viser fram gåva.

Motiv frå Bokn

Gåva er eit «sølvfat» med fem kortstokkar, Haugalandsstokken, samt eit bilde med motiv frå Bokn, i størrelse 50 cm x75 cm (trykt på skumplast inkludert fire stk. veggfester i aluminium). Dei fem kortstokkane inneheld fleire motiv frå Bokn og Kurt Misje håpar at besøkande vil finna glede i å slå eit slag kort medan dei er innom.  
 
- I tillegg er det hyggeleg å bidra med eit bilde som kan hengast på ein av dei mange veggane her, seier Misje som for øvrig kastar «ballen vidare».
- Med dette vil eg utfordra andre til å gjera det same, ja til rett og slett å trykka opp og gi eit av favorittmotiva sine i gåve til Bokn Arena. Eg veit at det er svært mange dyktige fotografar på øya, smiler han i det han gratulerer både ordførar og boknarar til lukke med dagen.
 

Utfordrar

Kurt Misje, MisjeCollection utfordrar med dette fylgjande fotografar/hobbyfotografar om å gi eit bilete i størrelse 50 cm x 75 cm i gåve til fleirbrukshallen, til glede for brukarar og besøkande:
 
  1. Kyrre Lindanger
  2. Kjetil Hamre
  3. Hans Faye
  4. Marie Vågshaug
  5. Ingunn Grønnestad
  6. Ørjan Pedersen
  7. Armand Svendsen
  8. Janne Elisabeth Ytreland
  9. Tom Inge Aksdal
10. Jardar Havikbotn