Frå sild til plast

I samband med at bygningane til Bokn Plast blei rivne i september 2024, kan me presentera 175 års næringslivshistorie på Sjøhusholmen i Føresvik, laga av historikar Birger Lindanger. Bilda er henta frå nemnde riveprosjekt.

Av Birger Lindanger

Sildesalteriet

«Larsen i Vigjå»

Mons Larsen eller ”Larsen i Vigjå” som han helst blei kalla, var son til Lars Olsson Kro. Lars var streng haugianar og gifta seg til Kro kring 1805. Han dreiv omfattande fiske, bygde stort salteri i Kro, dreiv jaktefart og åtte også fleire skipspartar.

Bilde av Bokn Plast 26. august 2024, dagen då rivinga starta. - Klikk for stort bilete26. august 2024 starta rivinga av Bokn. Jardar Havikbotn

Den fyrste sonen, Mons, kom til verda i 1812. I 1837 gifta han seg med ”Selia” Våga og i 1841 då broren Ola tok over i Kro, flytta paret til Føresvik for å ta over handelen der. Han sytte for å få hand om heile sildehandelen så og seia frå garn til gane. Difor investerte han i store nøter og fiskebåtar. Attåt reiste han eit av fylkets største sildesalteri på Holmen og starta sildeeksporten til dei baltiske landa. Bygget var så dominerande at det gav holmen nytt namn: Sjøhusholmen.

Attåt etablerte Mons eit omfattande kontaktnett og skaffa seg partar i ei lang rekkje fartøy, mellom anna briggen i ”Lesseps” og barkskipet ”Kong Oscar”. Attåt fekk han den fyrste rutebåten i Rogaland, DSDs hjuldampar ”Ryfylke” til å besøka Føresvik på jomfruturen i 1855. Då Ryfylke frå 1864 fekk fast anløp i Vigjå, sytte Mons Larsen også for at det blei etablert postopneri her – posten kom kvar veke med Ryfylke.

Midt på 1800-talet sat kapitalen i Bokn i Føresvik. Difor var det denne staden som i aukande grad fekk sentrumsfunksjonane i bygda. Det store sildesalteriet åleine skaffa Vigjå tyngde.

Svigerfar til Haugesund

Mons hadde ti born. Sonen Jakob tok over i Føresvik medan tri av dei åtte døtrene gifta seg med skipsreiarar i Haugesund: Med Arenth Anda, Peder Amlie og Arne Lothe. Ei anna dotter, Elida, gifta seg med kaptein Sigurd Juell som slo seg ned på Heimdal ved Føresvik. Slik bygde Mons opp sitt eige dynasti med velståande og driftige svigersøner. Og alle baserte velstanden sin på sild.

Bilde av dei fjerna betongplater mot vegen av "Plasten" den 11. september. - Klikk for stort bilete11. september blei rivinga av "Plasten" godt synleg, då dei fjerna betongplater mot vegen. Videofoto: Jardar Havikbotn

I 1872 forsvann silda frå Rogaland, men 61-årige Mons sto på som ein ungdom. Kom ikkje silda til han, fekk han oppsøka silda. I fyrste omgang fylgde han silda nordover til Nordland. Samstundes heldt han seg oppdatert om sildefiskeria ved Island som slo til på denne tida.

Til Island: Frå sild til kval

Sist på 1870-talet svikta også silda i Nordland. Mons gav ikkje opp, nå ville han til Island. I lag med dei tri svigersønene i Haugesund starta dei i 1878 førebuingane til islandsfiske ved Island. Året etter var dei klar og dei sende av garde dei fire galeasane ”Elisa”, ”Heimdal”, ”Sylfiden” og ”Skaanevig”.

Fangsten var så god at dei gjekk med eit brukbart overskot. Larsen i Vigjå og svigersonen Arne Lothe fylgde sjølvsagt med mot vest om bord på galeasen ”Jon Sigurdson”.  Med seg om bord drog dei også materialar til å setja opp sjøhus i Svinaskàli. Toppåret var 1884, då tok silda til å svikta også her. Med det

Men Mons hadde gardert seg. Heilt frå han starta med islandsfiske, merka hans at det låg store mengder kval der vest. Det var han som blei med flåten og leia fisket på vegne av slekta. Mons samarbeidde med den kjende kvalfangeren Svend Foyn i Tønsberg som la grunnlaget for moderne kvalfangst.

I 1882 etablerte Mons driftsselskapet Mons Larsen & Co for kvalfangst ved Island. Han reiste hus i Eskifjord og vart islandsk statsborgar. I 1883 var dei klar og dampa vestover med dampskipa ”Isafold” og ”Gratia”. Kvalfangsten gjekk med overskot, men var  ikkje den heilt store suksessen – før i 1887. Det året tridobla dei brått fangsten. Same våren døydde Mons, men svigersønene fylgde opp i dei neste med ei næring som gav heile distriktet gode inntekter.

Dei åra slakna fisket og det store sildesalteriet vart mindre nytta. Slik sett vart tidene ringare, og i 1890-åra gav larsenfamilien opp drifta av landhandelen og let det over til andre. Dei ringe tidene råka også det svære sjøhuset på Holmen.

Les også:

Eit foto og ei historie

Hermetikken

Jenter og hermetikk                                                             

Bildet er frå då eitt av kjenneteikna på kaien i Føresvik, nordre vegg, "fronten" av Bokn Plast blei riven Kl. 13:27, tysdag 17.09.24 - Klikk for stort bileteKl. 13:27, tysdag 17.09.24 blei eitt av kjenneteikna på kaien i Føresvik, nordre vegg, "fronten" av Bokn Plast riven. Videobilde: Jardar Havikbotn

Sist på 1800-talet mista det funksjonen som sildesalteri. Sjølv om tidene var ringe, gav ikkje larsenfamilien opp. Tida etter hundreårsskiftet var ei blømingstid for hermetikkindustrien.  Difor vart dette eit naturleg satsingsområde. Så samarbeidde larsenfamilien med interessentar i Kopervik kring 1910 om å byggja salteriet om til ein hermetikkfabrikk: Føresvik Canning Co.                

Kring 1910 blei sildesalteriet bygd om til hermetikkfabrikken Føresvik Canning Co med rundt 35 tilsette. Av dei var 22 jenter og 13 gutar, mange tilreisande frå Tysvær. Dei tilreisande jentene fekk seg hyblar i Bokn, og mange av dei enda opp med å finna seg ektefellar her og blei buande. Fabrikken trekte ungdom til bygda og var med på å sikra at folketalet så smått tok seg opp att. Søren Jensen førte fabrikkbåten som mellom anna frakta folk frå Tysvær til arbeid på fabrikken. Dessutan gav drifta pengar i kommunekassen. 

Det gror i Vigjå                     

Bildet viser at det meste av betongbygget frå rundt 1950 var lagd i grus, 19. september.. - Klikk for stort bilete19. september var det meste av betongbygget frå rundt 1950 lagd i grus. Videofoto: Jardar Havikbotn

Fabrikken gjekk dei fyrste åra framifrå både sommar og haust og gav gode ringverknadar både for butikkar og folk flest. Attåt oppretta larsenfamilien i 1911 telefonsentral i Føresvik. Med både landhandel, post og rutebåttrafikk vart Føresvik eit senter i kommunen. Landhandelen blei driven av private fram til i 1922 då Bokn Handelslag tok over. Handelslaget dreiv sidan i dei gamle lokala fram i 1956 då det blei reist eit nytt bygg ute på Holmen.

I 1920-åra og med grunnlag i folka på fabrikken dreiv Margit Dirdal, dotter til Oscar Larsen, også kafé på Holmen. Ein annan som etablerte seg med basis i fabrikken, var Tom Snekkevik. Han kom til fabrikken som maskinist kring 1920, men hadde fortid som reverøktar  på Brattholmen. Han gifta seg med Tora i 1923 og bygde same året smie i Føresvik, ikkje minst for å levera tenester til hermetikkfabrikken.

Som for hermetikkindustrien generelt blei krisa i mellomkrigstida ein tøff periode også for hermetikkfabrikken i Føresvik. Sist på 1920-talet var det mest ikkje noko å gjera i fabrikken og  han blei lagt ut for sal utan at det blei noko av. Eigarane  eksperimenterte med ulike produkt, mellom anna krabbe, men det var likevel vanskar med å få drifta til å svara seg. Konsekvensane var store i form av arbeidsløyse og manglande inntekter også til kommunen.

Bergenserane tek over: Norena                                                                                                         

Til sist, hausten 1940, laut Jakob Larsen søkja om kommunal konsesjon for sal av fabrikken til Bergen Preserving for kr. 13.000. Fabrikken blei så seld til Bergen Preserving. Frå salet i 1941 blei namnet på fabrikken skifta til Norena. Sidan dreiv dei med fire-fem mannlege arbeidarar og eit tjuetals jenter.  I 1945 blei dette firmaet splitta opp i to, og Norwegian Preserving heldt fram som eigar.

Nå gjekk drifta betre, og etter krigen kjøpte fabrikken opp brakker frå festninga på Loden og bygde to store bustadhus for arbeidarane i bakken straks ovanom fabrikken. Ved dei tider blei elles eigarselskapet splitta opp og Norwegian Preserving heldt fram som eigar. Kring 1950 vart anlegget utvida med eit stort betongbygg straks aust for sjøhuset og røykeriet

Fabrikken var den største arbeidsplassen i Bokn fram til kring 1960 då det tok til å slakna med drifta før det stoppa heilt opp.

Reker, kippers, makrell og brisling                                                             

Bildet viser at resten av den store hallen til Bokn Plast i bakken, 24. september..   - Klikk for stort bileteKl. 10:25 tysdag 24. september 2024 gjekk resten av den store hallen til Bokn Plast i bakken. Videobilde: Sindre Haugen

I kommunen arbeidde ein hardt for å få til drift att. Han sette ned eit eige utval som skulle sikra rammevilkåra for vidare drift, mellom anna regelmessig tilgang på reker som var det nye satsingsprosjektet. Dessutan blei det gitt konsesjon for å utvida ved å reisa eit nytt betongbygg rett aust for den gamle trebygningen.

Dette lukkast også, og frå april 1963 kom hermetikkfabrikken i drifta att med 20 kvinner og tri mann som tilsette. For kvinnene låg startløna på kr. 3,85 i timen. Denne gongen var det ganske mange husmødrer som slik sikra seg si eiga inntekt, nokre i samband med at borna hadde flytta or heimen. Arbeidsdagen starta klokka sju, og drosjen køyrde frå klokka 06,30 i arbeidsrute og plukka opp arbeidarane. Sidan arbeidde dei til i femtida, men når det var mykje råstoff titt til klokka 19.

I denne siste perioden Norena var i drift, blei Heine Sunnaland tilsett som disponent. Målet var frå starten å ta mot eit tonn reker dagleg. Om vintrane blei det lagt ned kippers og om somrane la dei ned makrell i tomat og i olje. Sidan blei det også lagt ned brisling.

Nedlegging                                                                                                         

Men sist på 1960-talet laut ein på ny leggja ned drifta. I juni 1969 fekk kommunen melding om at drifta på ny var lagt ned. På ny sto kommunen overfor eit kvart hundre utan arbeid og attåt med fare for å tapa ikkje så lite skatteinntekter.

I juni 1969 fekk kommunen den sjokkerande meldinga at hermetikkfabrikken Norena la ned drifta si. Det innebar at innpå 25 arbeidsplassar i bygda forsvann – mest ei lita katastrofe for eit lite samfunn.

Det sto klart at å satsa vidare på hermetikk ikkje var vegen å gå. Tida hadde gått frå hermetikkindustrien ikkje bare i Bokn, men også i resten av landet. Nå galdt det å satsa på andre produkt. Fabrikken og arbeidsplassane var så viktige for bygda, at kommunen på ny tok initiativ for å prøva å fylla desse lokala med verksemd.

Såleis fekk dei alt i august 1969 kontakt med Rogaland Plastindustri i Hillevåg i Stavanger for om mogeleg å lokka dei til Bokn. Dette firmaet var interessert i å flytta til Bokn og produksjonslokala – det trongst kring 700 kvadratmeter - såg ut til å vera høvelege. Vidare trongst det 18-20 arbeidarar, tri bustadtomter for leiinga til verksemda og dessutan ein leigeperiode på ti år. Alt dette kunne kommunen garantera. Såleis sat dei med eit område i Boknabergsjøen som kunne utviklast til byggjefelt.

Plasten

Ny bruk av gammalt salteri                                                                           

Men før dei kom i gong på Bokn, gjekk firmaet konkurs. Sidan på hausten 1969 fekk kommunen kontakt med Tinney Rasmussen ved Åkrehamn Sildoljefabrikk på Åkra. Eit par år tidlegare hadde Olav Vetvik ved denne bedrifta kome på at det måtte gå an å laga septiktankar av glasfiber og polyester. Han fekk med seg medarbeidaren Lars Fagerland og saman leigde dei lokale ved bedrifta for å prøva ut ideen.

Bilde av området, sett frå sør, då resten av den store hallen hadde gått i bakken, 24. september. - Klikk for stort bileteSlik som området ut, sett frå sør, då resten av den store hallen hadde gått i bakken, 24. september. Regine Nilsen Heimvik

Etter å ha eksperimentert ei tid med utvikling av tankane, blei leiinga ved Sildoljefabrikken, Johan Rasmussen, interessert. For å utvikla produktet, trong dei større lokale. Dessutan var det viktig å dra nytte av ein såkalla distriktsutbyggingskommune med dei fordelane dei hadde å tilby.

Dei drog fyrst og såg på eit meieri for sal i Forsand, men fann at det låg for usentralt til. På veg med ferja Tre Måker frå Stavanger, trefte dei Ingolf  Kro som då var ordførar i Bokn. Det enda med at dei gjekk av i Føresvik for å sjå på den gamle hermetikkfabrikken der.  Same dagen kom også Johan Rasmussen ned frå Kopervik. Lokala blei inspisert, og før dei drog att, gav dei grønt lys for at dei ynskte å ta over bygningane.  

Så var det for kommunen å leggja tilhøva til rettes for å få verksemda i land. Det viktigaste var å sikra seg produksjonslokala. Alt ved nyttårstider 1970 var det klart for møte med Sætre A/S i Bergen som nå var eigar av eigedommen. I januar drog Ingolf Kro og Sigvart Våga, den nye ordføraren, til Bergen for å tinga om overtaking av fabrikken.

I kommunestyret var det semje om at ein kunne gå opp til kr. 360.000. Dette blei også prisen. Attåt laut ein kjøpa bustadhusa som høyrde til og som låg i bakken eit par hundre meter sørvest for sjølve fabrikken.

Septiktanken – det nye symbolet for Bokn?                                                             

Bilde av Kontorbygget til Bokn Plast, som står att etter rivinga, og skal truleg brukast som arbeidsbrakke under fullføringa av arbeidet av Nyholmen, som startar eit nytt kapittel næringshistorie i Føresvik. - Klikk for stort bileteKontorbygget til Bokn Plast står att etter rivinga, og skal truleg brukast som arbeidsbrakke under fullføringa av arbeidet av Nyholmen, som startar eit nytt kapittel næringshistorie i Føresvik. Jardar Havikbotn

Etter at handelen var i hamn 29.mai 1970, var det å gå over til å tinga med Åkrehavn Sildoljefabrikk om etablering i Føresvik. Den 12. august 1970 kom dei til semje og seks dagar etter blei leigeavtala godkjend av eit samrøystes kommunestyre. Med det tok firmaet bygningane på til saman 812 kvadratmeter for produksjon av septiktankar av glasfiber og polyester. I samband med behovet for utvidingar og modernisering, blei det gamle sildesalteriet rive kring 1978.

Med dette blei Bokn Plast etablert. I hovudsak dreidde produksjonen seg om septiktankar i plast der verksemda etter kvart erobra 2/3 av den norske marknaden. Til saman hyrte dei inn elleve lokale arbeidarar til å stå for produksjonen. Sidan flytta også Tinney Rasmussen og Olav Vetvik til Bokn for å ta hand om drifta. Septiktankane var så viktige for bygda, at då det var tale om kommunevåpen, var det forslag på eit våpenskjold med tre septiktankar. Og septiktankane vart kalla egga til «Gullhøna», bilferja som trafikkerte Bokn og frakta ei mengd tankar gjennom heile 1980-åra.

Verksemda gjekk greitt, og nyttår same året blei heile bygningskomplekset seld vidare til Bokn Plast for kr. 360.000. Med det hadde Bokn sikra seg ein hjørnesteinsbedrift. I 1990-åra tok Bokn Plast også i aukande grad oppdrag for oljeindustrien.

Bokn Plast var den suverent største private arbeidsplassen i bygda til i 2024 då betongbygningane vart rivne som eit punktum for kring 175 år gammal næringslivsverksemd.