Framlegg til reguleringsplan for Føresvik Sør - endeleg godkjenning.

kommunevaapen.jpg

 Kommunestyret i Bokn kommune har i møte 16.06.2015 godkjent reguleringsplan for Føresvik Sør, med kart sist dagsett 16.06.2015 og tilhøyrande føresegner dagsett 16.06.2015, i samsvar med § 12- 12 i plan- og bygningslova.

 

Planen viser område for offentleg eller privat tenesteyting, omlegging av Føresvikvegen og ny tilkomstveg til framtidige bustadområde vest for Føresvik.

Godkjent plan med tilhøyrande føresegner er tilgjengeleg her: (PDF, 471 kB)

Klagerett:

Kommunestyret sitt planvedtak kan klagast på til fylkesmannen. Klagen må sendast Bokn kommune, Teknisk etat, Boknatun, 5561 Bokn innan 3 veker frå dags dato.

Eventuell klage må setjast fram skriftleg. Om innhaldet i klagen vert det vist til § 32 i forvaltningslova.
 

Krav om erstatning eller innløysing:

Mogelege krav om erstatning etter § 15-3 i plan- og bygningslova eller krav om innløysing etter § 15-2 må setjast fram innan 3 år frå dags dato.