Friluftslivsgruppe i Skottehamn

Elevar og innleigd vikar for anledninga: Synne Marielle Jøsang, Alida Vågen Alvestad, Karianne Våga , vikar Tomas Alvestad, Markus Foss, Joakim Øvrebø, Trym Karoliussen, Henrik Ognøy Våge, Anders Larsen, Sondre Norekvål og Sofie Alice Grønnestad. Bianca Mari Alvestad Torsdag 24. september var elevar frå valfag friluftsliv på Bokn skule ute på strandrydding.

Av Bianca Mari Alvestad

10 elevar og to vaksne tok turen til Skottehamn heilt sør på Bokn for å sjå om me kunne finne noko. Det gjorde me verkeleg. 

Det var ikkje mykje stort å finne her, men uendelege mengder med småbitar av plast. Når me løfta ting ut av jorda kom ennå meir til syne. Me fekk fylt opp to storsekkar på den tida me hadde, men det er nok sikkert nok til å fylle ennå fleire. 

Ivrige, blide og flinke ungdommar som har gjort ein framifrå jobb.