Fritidsklubb på nyttårsaftan

Mariann Skjelde hadde pynta og gjort alt klart tidlegare på dagen. - Klikk for stort bileteMariann Skjelde hadde pynta og gjort alt klart tidlegare på dagen. Mariann Skjelde Den tradisjonsrike Petra fritidsklubb held stand i koronatida, til og med på nyttårsaftan.

På fjorårets siste kveld hadde Petra ope som vanleg, kl. 20 – 24, for 14 påmelde ungdommar – i kjellaretasjen på gamle Kyrkjebygd skule.

Kontaktperson for driftsgruppa (foreldre i 9. klasse), Mariann Skjelde, kan melda om om svært fornøgde ungdommar og mange fine tilbakemeldingar frå foreldre og andre vaksne som syntest dette var eit flott tiltak.

Vellykka kveld

Denne spesielle kvelden var det ikkje inngangspengar, men alle hadde meg seg ein pakke slik at dei kunne ha pakkeleiken. Blant fleire andre aktivitetar, blei det også tid til ein utkledningsleik.

Stor takk til foreldrepara Mariann Skjelde/Jarle Prestbø og Henriette/Kyrre Lindanger, for at dei brukte nyttårsaftan til å vera vakter på fritidsklubben.

Hendinga nyttårsaftan var førebels den siste klubbkvelden for Petra. Nå er det koronapause, så vil det visa seg kva som skjer i vinter og til våren.

Glimt frå kvelden: