Frivilligheita lever i Bokn!

Flott gjeng framfor ein av leilegheitene, fv. Linn Kro, Kim Erik Larsen, John Øvrebø, Lars Øyvind Alvestad (alle frå Bokn Røde Kors), Ingleif Kro (frivillig), Kjell Frode Lie (Bokn Røde Kors), May Lisbeth Bosvik Fiskaaen (Bokn kommune), Kaj Arne Christiansen (Bokn Røde Kors), Annette Bokneberg, Torny Rossebø (begge frå Bokn hjelper Ukraina), Christine Christiansen, Susanne Øvrebø (begge frå Bokn sanitetsforening), ordførar Osmund Våga. Representantar frå Bokn idrettslag var ikkje til stades då bildet blei tatt. - Klikk for stort bileteFlott gjeng framfor ein av leilegheitene, fv. Linn Kro, Kim Erik Larsen, John Øvrebø, Lars Øyvind Alvestad (alle frå Bokn Røde Kors), Ingleif Kro (frivillig), Kjell Frode Lie (Bokn Røde Kors), May Lisbeth Bosvik Fiskaaen (Bokn kommune), Kaj Arne Christiansen (Bokn Røde Kors), Annette Bokneberg, Torny Rossebø (begge frå Bokn hjelper Ukraina), Christine Christiansen, Susanne Øvrebø (begge frå Bokn sanitetsforening), ordførar Osmund Våga. Representantar frå Bokn idrettslag var ikkje til stades då bildet blei tatt. Malene Bosvik Hindal I løpet av fem dagar (!) har Bokn Røde Kors, Bokn sanitetsforening, Bokn idrettslag og Bokn hjelper Ukraina klart å organisere og engasjere alle innbyggjarane i Bokn kommune, slik at tre leilegheiter til flyktningar frå Ukraina så og seie er innflyttingsklare.

Av flyktningkoordinator Grethe Heimvik

For ein fantastisk, flott gjeng! Heilt i frå fyrste kontakt kommunen tok med frivillige lag og organisasjonar i Bokn, vart vi møtt med eit stort engasjement og stå-på-vilje!

Kommunen retta torsdag 24. mars ein førespurnad til Bokn Røde Kors, Bokn sanitetsforening, Bokn idrettslag og Bokn hjelper Ukraina, der vi bad om hjelp frå frivilligheita til å møblere opp tre kommunale leilegheiter, desse tenkt brukt til eventuelle flyktningar som vert busette i Bokn.

Snart innflyttingsklare

Og for ein respons! I løpet av fem dagar (!) har dei klart å organisere og engasjere alle innbyggjarane i Bokn kommune, slik at leilegheitene nå så og seie er innflyttingsklare.

Ved hjelp av frivilligheita var det mange som torsdag denne veka (31.03.22) møtte opp med møblar, der representantar frå frivillige lag og organisasjonar og andre frivillige tok imot desse. Leilegheitene vart deretter møblerte, alt ved hjelp av dei frivillige som stilte opp denne dagen.

Tusen takk!

Kommunen er både rørt og takknemleg for all hjelp og den fantastiske givargleda i befolkninga elles, tusen takk til alle som har bidratt!

Glimt frå leilegheitsforberedinga, foto: May Lisbeth Bosvik Fiskaaen