Gåver til nyfødde

Jardar Havikbotn Margareth Bokneberg strikkar sokkar til nyfødde for Bokn sanitetsforening (Saniteten). Ho har halde på i 11 år og strikka rundt 100 par.

16. august var strikkedama på Boknatun med ein ny leveranse til helsesøster Henriette Lindanger, som er svært begeistra for produkta.

- Dette er veldig populære gåver, folk elskar dei, fortel ho, og gir uttrykk for at Margareth Bokneberg ikkje må slutta med dette.

Det er nok ingen fare for det. Givaren synest det berre er kjekt.

- Men eg kan strikka dei, eg

Det var i 2008 at Saniteten, som tidlegare gav nyfødde helsetepper og tøybleier, skulle begynna med sokkestrikking. Reidun Grønnestad hadde sett dei fine sokkane Margareth Bokneberg laga og spurde etter oppskrift, noko ho ikkje hadde.

Det var då ho sa at ho kunne jo strikka dei, og dermed var det heile i gong.

Eige design

Margareth Bokneberg hadde sett seg lei på babysokkar som såg ut som posar, og laga ei oppskrift (i hovudet) for å få Margaret Bokneberg har designa sokkane sjølv. Jardar Havikbotn rett passform på fotplagga.

Ho peikar og forklarar korleis ho gjer for å få perfekt passform, noko underteikna av naturlege grunnar ikkje skal setta på trykk.

- Når eg legg ut bilder av sokkane på ei strikkeside, har eg fått mykje skryt og opptil 2 000 likes, ler Margareth, og fortel at hu brukar 3-4 timar på eit par, så det er ganske mykje jobb; med tynne pinnar, mykje festing og anna finurleg arbeid.

Heimebesøk

Henriette Lindanger seier at alle nyfødde får besøk i heimen i løpet av dei to første vekene. Då har ho m.a. med seg eit par av desse sokkane og vekta frå helsestasjonen, som også er ei gåve frå Saniteten.