Grunnsteinsnedlegging på fleirbrukshalltomta

Grunnsteinen til fleirbrukshallen er i praksis ein tidskapsel, og er ei samling av gjenstandar og informasjon som blir brukt til å kommunisera med folk i framtida og til å hjelpe framtidige arkeologar, antropologar og historikarar.21. oktober blei oppstart av arbeidet på fleirbrukshallen markert med grunnsteinsnedlegging på tomta i Føresvik. 

Nordavinden og regnet tok ein etterlengta pause i samband med den høgtidelege seremonien der avtroppande ordførar Kyrre Lindanger la ned ein symbolsk grunnstein der den nye fleirbrukshallen skal byggast. Kommunestyret og representantar frå entreprenør Haaland & Thuestad var inviterte til seremonien, og om lag 25 møtte fram denne oktoberdagen.

Entreprenøren hadde på førehand fått støypt til eit sjikt der grunnsteinen blei plassert av avtroppande ordførar. Grunnsteinen blei lagt ned om lag på straffemerket i den nore enden av det som skal bli håndballbane, og plasseringa vil bli avmerka på teikningane.

 

Tidskapsel

Sjølve grunnsteinen, ein metallboks laga av Olaussens Metall AS, vil fungera som ein tidskapsel og er fylt med byggteikningar, alle politiske vedtak som er gjort i saka om ny fleirbrukshall, kopi av signert kontrakt, juniutgåva av Bokn Bygdablad, brosjyre frå entreprenør, avisartikkel om prosjektet, myntar, kommune-pin, Kjekt på Bokn-pin, begge binda av gards- og ættesoga for Bokn, Haugesunds Avis og VG datert seremoni-dagen og ein Legofigur.

Grunnsteinen til fleirbrukshallen er i praksis ein tidskapsel, og er ei samling av gjenstandar og informasjon som blir brukt til å kommunisera med folk i framtida og til å hjelpe framtidige arkeologar, antropologar og historikarar.Grunnsteinen til fleirbrukshallen er i praksis ein tidskapsel, og er ei samling av gjenstandar og informasjon som blir brukt til å kommunisera med folk i framtida og til å hjelpe framtidige arkeologar, antropologar og historikarar.

Avtroppande ordførar Kyrre Lindanger sa i talen sin at realiseringa av fleirbrukshallen er eit av mange steg for å skapa eit endå meir samla og attraktivt kommunesentrum i Bokn, og at fleirbrukshallen fyrst og fremst blir ein arena for idrett- og kultur og fremjing av fysisk aktivitet og ein viktig møteplass for generasjonar av boknarar framover.