Gult nivå i skule/barnehage
Illustrasjon, koronaskule/barnehage.
pixabay.com
Grunna smittesituasjonen i Bokn sette kommuneleiinga barnehagen på gult nivå i trafikklysmodellen frå og med torsdag 9. desember. Skulen er sett i gult nivå frå og med måndag 13. desember når alle elevane kjem tilbake til skulen.
Gult nivå er eit tiltak for å avgrense smittespreiing i skulen/barnehagen mellom born og vaksne, og tiltaka betyr i hovudsak følgande:
- Ein klasse på skulen/ei avdeling i barnehagen blir ein kohort
- Kohortane vil ha avgrensa/minimal kontakt med kvarandre
- Auka fokus på handhygiene, og klare rutiner som inneber at ein oftare gjennomfører handvask
- Føresette må halde minst ein meter avstand til tilsette når dei går inn i skulen/barnehagen, og det blir anbefalt bruk av munnbind
- Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhhelsing og klemming)
- To kohortar kan samarbeide utandørs
- Unngå samlingar med meir enn to samarbeidande kohortar
- Avstand mellom tilsette (minst éin meter i alle situasjonar)
- Tilsette kan veksle mellom kohortar/klassar
- Kohortvis/trinnvis gruppeinndeling på SFO
- Unngå trengsel og store samlingar
- Ha eigne område i skulegarden for ulike klassar/kohortar i pausar/friminutt
For ungdomsskular gjeld i tillegg at elevar bør halde avstand (minst éin meter) til elevar i andre kohortar i pausar og friminutt.
Testregime
Skulen har i tillegg innført testregime med testing to gonger i veka fram til juleferien. Elevane får testar med seg heim frå skulen som skal nyttast til dette. Kommunen følger smitteutviklinga tett, og ut ifrå den kan det bli innført tilsvarande testregime i barnehagen på kort varsel.
Publisert av Jardar Havikbotn
Publisert 10.12.2021 09.21