Haldningsskapande arbeid

Promillekontroll 7. juni, fv. Samfunns- og utviklingssjef i Bokn kommune, Anne E. Askeland, ordførar i Tysvær kommune, Sigmund Lier og folkehelsekoordinator i Tysvær kommune, Ann-Kristin Berge Dahle (ordføraren i Bokn kunne ikkje delta).

AV-OG-TIL-kommunane Bokn og Tysvær samarbeider med politiet for rusfri trafikk, og gjennomfører ekstra promillekontrollar denne veka.

Foto: Promillekontroll 7. juni, fv. Samfunns- og utviklingssjef i Bokn kommune, Anne E. Askeland, ordførar i Tysvær kommune, Sigmund Lier og folkehelsekoordinator i Tysvær kommune, Ann-Kristin Berge Dahle (ordføraren i Bokn kunne ikkje delta).

Ei fersk undersøking hos Ipsos MMI viser at ni av ti frå Bokn og åtte av ti frå Tysvær fryktar å møta ein promillekøyrar i trafikken. 

- Dette er overraskande og svært høge tal, som viser at me ikkje stolar på medtrafikantane våre. Når faren for ulykker og skader er så høg er det naturleg å vera redd. Uansett kor gode sjåførar me sjølv er, hjelper ikkje det viss den me møter er påvirka og ute av stand til å lesa trafikkbildet og ta dei rette vala, seier dagleg leiar Kari Randen i AV-OG-TIL.

Analyser frå Statens vegvesen viser at minst 21 prosent av dødsulykkene på norske vegar skuldast rus. Dette utgjer 402 dødsfall dei siste ti åra.

Felles promillekontroll

Bokn kommune og Tysvær kommune rettar, saman med politiet, ekstra søkelys på rusfri trafikk. Denne veka blir det gjennomført ekstra promillekontrollar som ein del av dette arbeidet.

Logo

 

Drikk meir på sommaren

Når me nå går inn i dei varme månadene kor kvardagen for mange blir oppheva og rutinene ikkje er heilt som dei pleier, er det viktig å halda fast ved dei gode haldningane på dette feltet og tenka seg ekstra godt om.

- Sommar og ferietid er ein av periodane me drikk aller mest alkohol. Med lange late dagar og fri frå dei vanlege forpliktelsane blir det «litt ekstra» på mange. Då er det viktig å hugsa at godt alkovett er å vera heilt alkoholfri når ein skal køyra bil. Og heilt bilfri når ein skal drikka, seier Kari Randen.

Om AV-OG-TIL

AV-OG-TIL arbeider for godt alkovett i kvardagen. Bak organisasjonen står politiske parti, offentlege verksemder, faglege- og frivillige organisasjonar. Ved å setta fokus på situasjonar der alkohol utgjer ein særleg risiko eller kan vera til ulempe for andre, bidrar AV-OG-TIL til å redusera dei uønska følgene av alkoholbruk i samfunnet og gjera kvardagen tryggare for alle.

Tips & råd

  • La vera å rekna på kor lenge det er sidan det vinglasset til maten. Det enklaste og beste er ikkje å drikka i det heile tatt når ein skal køyra.
  • Bestem deg før du drar i selskap; skal du drikka alkoholfritt og ta bilen eller ordna annan transport heim?
  • Når du er vert/vertinne, sørg for å ha eit utval alkoholfrie drikkar til sjåføren/sjåførane.
  • Ver tydeleg på at bilkøyring og promille er ein dårleg idé og be potensielle promillekøyrarar legga frå seg bilnøkkelen.
  • Er du i tvil – la bilen stå, også dagen derpå.
  • Ta bilnøklane viss du ser nokon som er i ferd med å setta seg bak rattet med promille.
  • Enkelte medisinar set også ned evna til å køyra bil. Sjekk pakningsvedlegget og respekter advarselen mot å køyra bil når du brukar slike medisinar.
  • Ser du nokon som køyrer med promille eller annan rus – meld frå til politiet på 02800.