Hallplan etter skuletid

Her kan du sjå kva som som går føre seg i Bokn Arena Hall etter skuletid.

Som kjent fungerer hallen i Bokn Arena som skulen sin gymsal, og dei har alle kvardagar førsteretten til plassering av sine aktivitetar. Barnehagen og Gla'trimmen har også gjennom avtalar fått plass til aktivitetar i skuletida (fram til kl. 15).

Oversikta under fortel om den faste aktiviteten etter skuletid i løpet av ei veke. Planen blir oppdatert ved endringar/nye aktivitetar. Planen ligg fast på infoskjermar, på kommunen si facebookside og under Kultur, idrett og fritid på den kommunale nettsida.

Booking

Dei ulike treningstidene er innlagde i utleigekalendrane, og folk som ønsker å leiga i hallen, vil få opptatt på skjermen på dei viste markeringane i tabellen. Her er det verdt å merka seg at den faste aktiviteten går ut ved store arrangement. Døme på slike arr. er selskap, Open hall, basar, bingo, folkemøte, dansegalla m.m.

På grunn av moglegheiter med fleire aktivitetar samtidig i hallen, er det lurt å senda ein mail til bestille@bokn.kommune.no eller ringa kulturkontoret, tlf. 98 22 15 08, så finn me den beste løysinga.