Hei-kampanjen

4. og 5. klasse seier HEI! - Klikk for stort bilete4. og 5. klasse seier HEI! Bianca Alvestad/Jardar Havikbotn Denne skulestartveka har MOT Norge Hei-kampanjen sin. Hei er ikkje berre hei. Det er «Eg ser deg».

MOT-skulen på Bokn er med. MOT-coach, Bianca Alvestad seier det er veldig viktig å gi alle som kjem tilbake på skulen etter ferien ein god start – å få alle til å føla seg sett.

Bianca Alvestad (bildet) er MOT-coach ved Bokn skule. Det er også Henriette Lindanger. Nytilsett miljøterapeut, Elisabet Taraldlien skal i haust utdanna seg til MOT-coach. - Klikk for stort bileteBianca Alvestad (bildet) er MOT-coach ved Bokn skule. Det er også Henriette Lindanger. Nytilsett miljøterapeut, Elisabet Taraldlien skal i haust utdanna seg til MOT-coach. Jardar Havikbotn Ved skulestart hadde rektor ein appell og las m.a. eit dikt av MOT-ambassadør, poet og artist, Trygve Skaug. Dei har hengt opp plakatar med ordet Hei på, og sørgar for at alle vaksne og barn på skulen seier hei til kvarandre – og ikkje minst snakkar om kor mykje det betyr.

Meir enn du trur

Målet med Hei-kampanjen er å bevisstgjera både ungdom og vaksne kor viktig eit enkelt «hei» er. For seier du hei, seier du meir enn du trur.

Nemnde Trygve Skaug set ord på det kampanjen handlar om:

Hei
er ikke bare hei
det er
jeg ser deg
hei er
en sol du kan klistre rett på himmelen din
enten dagen er stappfull av stygge skyer
eller det finnes en sol der allerede
hei er en hemmelig snarvei
rett forbi den kulda som ingen ser
men som noen får kjenne på litt for ofte

prøv selv
prøv å si hei

Trygve Skaug

Andre året

MOT Norge MOT Norge lanserte Hei-kampanjen ved skulestart i fjor. Organisasjonen har frå starten vore opptatt av skulestart, nettopp fordi det er ein sårbar periode der små handlingar kan gjera store forskjellar.

Derfor har MOT Norge valt å ha ekstra fokus på dette med å seia hei, inspirert av ungdommar som har fortalt at eit hei frå ein klassekamerat kan utgjera forskjellen på om ein føler seg sett eller ikkje.

Les leiar i MOT Norge, Mariann Janson sine fine ord om kvifor dei har denne kampanjen.

Både barn og vaksne har behov for å bli sett. Tenk på kva eit ord på tre bokstavar kan bety. Eit hei kan forandra dagen og kanskje livet til nokon.