Heider og overrekking

Fv. Reidar Alvestad, Sigvart Våga, Leif Vatnaland, Olav G. Larsen, Arne Øvrebø, ordførar Tormod Våga og bygdebokforfattar Birger Lindanger.

3. januar var kultursoga for Bokn i fokus på Allrommet i Bokn Arena. Pr. 4. januar er 316 bøker selde.

Foto: Fv. Reidar Alvestad, Sigvart Våga, Leif Vatnaland, Olav G. Larsen, Arne Øvrebø, ordførar Tormod Våga og bygdebokforfattar Birger Lindanger.

Leiar i bygdeboknemda, Leif Vatnaland, overrekker bygdebøkene til ordførar Tormod Våga,

Kommunestyret hadde invitert bygdeboknemnd og forfattar til middag, i anledning utgjevinga av kulturhistoriebøkene.

Etter velkommen frå ordførar Tormod Våga og ei velsmakande oksesteik, overrekte bygdeboknemndsleiar Leif Vatnaland bøkene til ordføraren. Vatnaland takka for oppdraget og fortalde at det hadde vore kjekt å jobba med stoffet. Han fortalde også at han kom til å sakna det svært sosiale og trivelege arbeidet.

Ordføraren takka for vel utført arbeid og sa at han ikkje klarte å legga bøkene frå seg når han las i dei. Tormod Våga fortalde også at kommunen ville spandera ein tur på nemnd og forfattar, og ville koma attende til dette.

Stor etterbruksverdi

Forfattar Birger Lindanger var i foredraget sitt om arbeidet med - og innhaldet i boka, inne på fleire ting kultursoge-utgjevinga kunne generera, pga. alt materialet som er samla inn og digitalisert, både foto, intervju og dokument.

-  Døme på moglege framtidige publikasjonar er ei bildebok saman med Bokn historielag, hefter/bøker om "Eg seie meg så" og om fiskefartøy i Bokn, og sogespel om boknaheksar,  sa Lindanger.

Kvelden blei avslutta med karamellpudding. Takk til kokkane Torunn Skjelde og Silje Aksdal.