Helsefagarbeidar

Natalie Våge har tatt fagprøve og er nå offentleg godkjend helsefagarbeidar.

Bilde av Natalie Våge med kake. - Klikk for stort bileteNatalie Våge Janne Elisabeth Ytreland

Av Grethe Heimvik

Ho vart tilsett som assistent i pleie- og omsorg januar 2019, og vi er stolte og glade over at ho nå har bestått fagprøven som helsefagarbeidar tidlegare i denne månaden.

Natalie tok helsefag gjennom fagskulen AOF hausten 2019 og våren 2020, med undervisning ein dag/kveld pr. veke. Ho har deretter arbeidd i pleie- og omsorg for å opparbeide seg nok timar til å kunne gå opp til fagprøve.

Natalie fekk gode tilbakemeldingar på gjennomføringa av fagprøven ho tok 19. og 20. september, der ho fekk «Mykje godt» som resultat! Vi gratulerer og ynskjer henne til lykke med tittelen «Offentleg godkjend helsefagarbeidar»!