Historielaget på tur

Bokn historielag var på besøk på vakre Bømlo 11.mai.

Bømlo Tur-og Sogelag var vertskap for oss 17 som kom med kommunebussen ført av Kyrre Lindanger.

Leiar for sogelaget, Bernt Emil Vika, møtte oss i Langevåg og guida oss engasjert. Vi besøkte Bergehuset frå 1830-talet, restaurert av laget, der vi fekk vaflar, lefse, kaffi, og informasjon om laget og aktivitetane. Vidare besøkte vi den restaurerte vass-saga ved Vorlandsvågen og kvernhuset i Vorlandsskogen, som er under restaurering.

Undervegs fortalde guiden mykje lokal historie, og på Langevåg Bygdatun fekk vi høyra om sogelaget, steinalderen på Bømlo, og englandsfarten til Shetland under krigen, samt nyta god betasuppe.

Vi møtte fleire engasjerte medlemmer av laget og vart imponerte over innsatsen deira for kulturarven. Dette viser kor viktig slikt engasjement er. I Bokn har vi mykje historie som ikkje er godt nok bevart.

Nokre glimt frå turen, foto: Kyrre Lindanger.

Bokn historielag har fått nettside, som er under oppbygging. Det er allereie mogleg å melde seg inn i laget via heimesida.

Meir om turen på facebooksida deira.