I desse koronatider var det, som mange andre stader i landet, Microsoft si kommunikasjons- og samarbeidsplattform, Teams, som blei verktøyet for møteavviklinga.
- Bortsett frå ei skulesak var alle sakene godt eigna for eit slikt virtuelt møte, fortel ordførar Osmund Våga.
- Skulesaka var litt for komplisert og hadde nok eigna seg betre der alle sat rundt samme bord.
Saka blei diskutert i ein time og avbroten av gruppemøte, der alle kobla seg av kommunestyremøtet, kobla seg opp i partigruppe og så tilbake i kommunestyret.
Få utfordringar
I starten på møtet blei det praktisert eit opprop av alle kommunestyremedlemmene. Ved avstemming fekk dei folkevalde ordet ein etter ein, og sekretariatet i Servicetorget talde stemmene. Ingen hadde problem med å kobla seg til og seia det dei ville.
Sekretariat i Servicetorget; Åse Helen Alvestad med Gro Sørensen bak.
Åse Helen Alvestad
Det var til og med noko som var lettare å gjennomføra digitalt enn ved eit fysisk møte.
- Taleliste på chat fungerte fint. Då slepp ein å notera ned, alt står i chatten.
Ordføraren registrerte også fire tilhøyrarar på møtet, noko som viste at det var mogleg for publikum å følga med på den digitale hendinga.
Ein veg
Koronakrise eller ei - Osmund Våga trur at verda beveger seg denne vegen.
- Det blir brukt altfor mykje tid, pengar og drivstoff på at folk skal reisa og møtast fysisk. Nå har me hatt fellesmøte med ordførarar, rådmenn etc. i andre kommuner. Effektivt - ikkje behov for å reisa til Haugesund eller Stavanger, berre trykk på skjermen så er møtet i gong - og eit nytt trykk, så er ein tilbake på kontoret.
Kommunestyremøte 31.03.20