Historisk sprengningssalve

Ein stor augeblink, den aller første salva i Rogfast-prosjektet går av.

Starten på det store Rogfast-prosjektet blei markert med eit smell i Arsvågen rundt kl. 12:30 torsdag 4. januar. 

Bilde: Ein stor augeblink, den aller første salva i Rogfast-prosjektet går av.

Fv. Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal, ordførar Tormod Våga og statssekretær frå Samferdselsdepartementet, Knut Morten Johansen heldt talar og helsingar.

I det flotte vintervéret hadde rundt 80 stk. samla seg, både folk frå Statens vegvesen, entreprenørfirma, politikarar og boknarar.

Noregshistorias største vegprosjekt

Seansen blei flott bunde saman av regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen, som la vekt på kor viktig Rogfast er, ikkje berre for Rogaland fylke, men for heile E39 frå Kristiansand til Trondheim. Dette blei også understreka av fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal, då ho sa at vegprosjektet er Rogaland sin etappe i ein ferjefri europaveg, og poengterte at alle vestlandsfylka lenge hadde hatt dette som sine viktigaste samferdselssaker, og saman hadde fronta det i Vestlandsrådet.

Les også:
Første Rogfast-salve

- Me har tross alt bygd Rogfast

Ein entusiastisk Bokn-ordførar samanlikna Rogfast med Apollo 11, og byrja helsinga si med orda Neil Armstrong brukte då han som første menneske sette foten på månen 21. juli 1969: 

That’s one small step for a man, one giant leap for mankind. Tormod Våga sa at viss noko i framtida ville verka umogleg, kunne ein berre seia “Me har tross alt bygd Rogfast».

Han snakka om ein ny tidsepoke og ein arbeidskrevande periode for Rogfast-kommunane Randaberg, Kvitsøy og Bokn, med reguleringsplanar som skal behandlast og godkjennast, infrastruktur som må formast og område som skal gjerast klare og stillast til disposisjon for noko verda aldri før har sett makan til. Ordføraren nemnde også at vertskommunene har store forventningar til Rogfast både som eit samferdselsprosjekt og eit godt samarbeidsprosjekt om samfunnsnyttig bruk av tunellmasse og tilrettelegging av gode infrastrukturtiltak i kommunane.

Bergsprengningsleiaren gjer klart til den historiske avfyringa.

Historisk

Statssekretær frå Samferdselsdepartementet, Knut Morten Johansen, gratulerte med dagen og helste frå Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Han sa at det var 15 år sidan det første plandokumentet blei laga, og at 4. januar 2018 representerte overgangen frå ein lang planleggingsfase til anleggsstart på eit gedigent prosjekt med regionale, nasjonale og internasjonale store dimensjonar.

Til slutt ba statssekretæren bergsprengningsleiaren om å gjera klart til den historiske avfyringa, og oppfordra også forsamlinga til felles nedtelling etter at varselssirena hadde stogga. Sjølv om salva var liten blei det ein stor augeblink for mange.

«Smellet i Arsvågen»

Etter planen skal Rogfast vera ferdig om åtte år, og ingen veit sikkert korleis det vil bli då. Det som er sikkert er at «smellet i Arsvågen» 4. januar 2018 markerte starten på noko veldig stort, og som ordførar Tormod Våga sa til TV Haugaland etter seansen:

- Det som skal lagast i Rogaland framover, det kan bli i Bokn, for me blir midt i og der kan alt skje.