Hoppar i havet

Rektor Wenche Havikbotn hoppar også i år i havet for ei god sak dersom spleisen når 10 000 kr. - Klikk for stort bileteFrå fjorårets "Hopp i havet", 20. oktober 2020. Rektor Wenche Havikbotn hoppar også i år i havet for ei god sak dersom spleisen når 10 000 kr. Stillbilde frå video: Jardar Havikbotn Ordførar, varaordførar, kommunedirektør, kommunalsjef oppvekst og kultur og rektor skal hoppa i havet dersom spleisen "Hopp i havet for ein god sak" når 10 000 kr.

Inntektene går til årets TV-aksjon, som i år går til Plans arbeid mot barneekteskap. Aksjonen har fått tittelen Barn, ikke brud. Årets aksjon vil både bli tradisjonell (med bøsseberarar) og digital.

Les også

Skulebasaren 2021

Hopp i havet-spleis blir kanskje ein ny tradisjon etter koronaperioden. Bokn skule starta med dette i fjor, då aksjonen var heildigital. Rektor Wenche Havikbotn hoppa også då. Nå har skulen fått med seg ordførar Osmund Våga, varaordførar Lene Ognøy Foss, kommunedirektør Ingeborg Skjølingstad og kommunalsjef oppvekst og kultur, Ingrid Sofie Rundhaug. 

Den digitale innsamlingsaksjonen består av fire nivå;

  1. Brettspeltime (2 500 kr)
  2. Pizzaboller (5000 kr)
  3. Film og popcorn (7 500 kr)
  4. Hopping i havet (10 000)

Gå til spleisen Hopp i havet for ein god sak!!

"Hopp i havet" blir filma og delt på facebooksida til kommunen dersom spleisen når 10 000 kr. Det kjem meir info om dette seinare.

Vil du bli bøsseberar, kan du ta kontakt med kulturkontoret,  tlf. 98 22 15 08