Influensavaksinen har komme

Influensavaksinen har komme, og du kan få han som drop-in på Bokn legekontor kl. 12:30 - 14:30 tysdagar, onsdagar, torsdagar og fredagar. 

Bilde av vaksinesprøyte - Klikk for stort bilete pixabay.com

Pris er 200 kr.  Du kan og få han i samband med vanleg legetime. Alle bør sitte 20 minutt til observasjon etter vaksinering.  Vi ber alle som kan bruke desse drop-in tidene så langt det går for å unngå stor pågang på telefonen. Dersom det absolutt ikkje passar, ta kontakt for anna tid.

Kven bør vaksinere seg?

Nær 1,6 million menneske i Noreg har auka risiko for alvorleg influensasjukdom. Personar i følgjande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:  

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar 
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal òg få tilbod om influensavaksine 
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år.
  • Barn og vaksne med:
    - kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    - hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    - diabetes type 1 og 2
    - leversvikt eller nyresvikt
    - kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    - nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, hiv, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    - svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    - annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (t.d. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert andre stader) 
  • I tillegg er influensavaksine tilrådd: 
    Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
    - Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte 
    Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser
    - Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller stadfesta influensasjuk tamfugl.