Infoskjerm på ulike einingar
Infoskjermane i Bokn Arena, Biblioteket og Coop Marked Bokn kan nå lastast ned på mobil, nettbrett og PC.
Publisert av Jardar Havikbotn
Publisert 14.06.2017 13.19
Funksjonaliteten er i BETA (testversjon) og ikkje fullstendig endå.
Spesialtilpassa
Designet i appen er spesialtilpassa. Innhaldet er det same som på skjermen, men ein sit ikkje og ventar på at oppslaga skal “rulla forbi” som på infoskjermen. Her kjem oppslaga i ei lesarvennleg liste, og ein kan skrolla gjennom i fred og ro.
Klikk for å lasta ned Infoskjermen Go.
Bruk desse kodane:
Bokn Arena: |
Z0P254 (det andre teiknet er eit null-tal) |
Biblioteket: |
S7RP5V |
Coop Marked Bokn: |
H8DDT4 |
Kom gjerne med tilbakemeldingar på appen.