Internasjonalt gjennombrot

Illustrasjon av kar og bru.HighComp i Føresvik skal levera kar og bruer til eit av verdas største smoltanlegg i Canada. 

Leveransen til Newfoundland er totalt på 35 kar i størrelsar frå D6m til D20m (i diameter), og prosjektet starter denne hausten. Det vil vera ein engineeringsperiode på 3-4 mnd før ein forventa produksjonsoppstart i januar 2018. Montering av kar i Canada er planlagt frå våren 2018, og prosjektet skal vera ferdig våren 2019.

Dette fortel fabrikasjons- og innkjøpsmanager, Fredrik Faye, ved HighComp. Det er datterselskap til Grieg Seafood, Grieg NL Seafarms Ltd., som etablerer seg på Newfoundland for lakseproduksjon.

25 mann i jobb

- Smoltanlegget Grieg NL vil vera eit av dei største som nokon gong er bygd, seier Fredrik Faye, og legg til at HighComp sine komposittkar blei valde i konkurranse med andre alternativ, og er den første eksportkontrakten dei får på karleveransar. HighComp har tidligare levert kar til 12 norske anlegg (Kompositt er eit fellesnamn på to material som blir kombinert/miksa saman for å oppnå nye/optimale eigenskapar).

Prestisjeprosjektet er pr. i dag med å sikra faste arbeidsplassar i Bokn. I den mest arbeidskrevande perioden vil 25 mann jobba på prosjektet.

Fredrik Faye kan opplysa om at det meste vil bli produsert i Føresvik, avhengig av annan aktivitet. HighComp, som er eit datterselskap til CSub, har i dag tre fabrikasjonsstader; Bokn, Arendal og Klaipeda Lithauen.  

Nyutvikling

Komposittbruer har låg eigenvekt og store designmoglegheiter. Dei er vedlikehaldsfrie, enkle å reingjera og kan prefabrikerast i ein del, noko som reduserer installasjonstida for kundane. Komposittkar til smoltanlegg har HighComp levert sidan 2009, og kara til Canada skal leverast i store segment, som bidrar til kort monteringstid. Desse blir også enkle å reingjera pga. at dei har ein høg innvendig finish.

- Me kan levera alle størrelsar og har full dokumentasjon på heile prosessen, avsluttar Fredrik Faye og nemner at dei nå er i sluttfasen med å montera dei siste kara til Grieg sitt flotte anlegg på Trosnavåg.

Ordførar Tormod Våga gratulerer HighComp med kontrakten.