Investorforum-møte

Rogaland Ressurssenter Det blir investorforum i Bokn Arena onsdag 9. mars kl. 18:00.

Av ordførar Osmund Våga

I forbindelse med prosjektetet «Opplev Bokn» kom det fram mange idear om kva vi kan få til på Bokn innan reiseliv, opplevingar, lokalmat, overnatting, handel og service.

Ein av avgrensingane som var registrerte er mangel på kapital. Samstundes finst det mykje kapital som kunne vore brukt, så då gjeld det å kople dei saman. Det vil me prøve å få til ved å invitere til eit Investorforum.

Utlån eller eigenkapital

Meininga er at dei som har ledig kapital kan gå saman og stille han til disposisjon for utlån eller eigenkapital. F. eks. dersom 10 stk. stiller med kr 500 000 kvar, har ein 5 millionar til investeringar i nye bedrifter. Dette inneber ikkje å gi vekk pengar. Ein må forvente avkastning høgare enn i bank, sjølv om det også inneber risiko for tap.

Rogaland Ressurssenter Men den viktigaste avkastninga er at det bidrar til aktivitet og innovasjon i Bokn. Og at folk opplever at Bokn er ein plass der folk stiller opp for kvarandre og prøver å få ting til. Eit slikt investorforum kan også virke som ein diskusjonspartnar og mentor for dei med idear.

Forventningsavklaringar

Jan Thore Lippestad og Bjørn Oddvar Madsen er forretningsutviklarar i næringshagen Rogaland Ressurssenter AS og blir med i møtet for å bidra til å avklare forventningar og finne fram til modellar som best mogleg ivaretar investor og grunder.

Håpar at mange finn dette interessant og vil vere med.

Spørsmål og påmelding

Ta kontakt med ordførar Osmund Våga osmund.vaga@bokn.kommune.no - eller tlf. 98296690 for spørsmål og påmelding.