Juleavslutning

Frå juleavslutninga 2015

For 31. gong inviterer skulen til stor juleavslutning, nå i Bokn Arena med plass til besteforeldre. 

21. desember kl. 17:30 brakar det laus med det største arrangementet på det kulturelle årshjulet i bygda.  

Frå skulen får Bygdabladet opplyst at besteforeldre-invitasjonane blir godt mottekne. Den tradisjonelle juleavslutninga har vore så lenge nå at fleire besteforeldre var der som foreldre sist dei fekk med seg hendinga, og for mange blir det nok eit kjekt gjensyn!

Som vanleg treng skulen fleire dagar til forbereding, og hallen blir stengt 19., 20. og 21. desember, jmf. skriv frå fb-sidene til Bokn Arena 1. des.

Nokre glimt frå fjorårets juleavslutning:

 Slideshow : Juleavslutning 2015