Julekonsert i Auditoriet

Onsdag 8. des. kl. 19:30 blir det flott julekonsert med Munor og folkbandet Rags & Feathers. Set av datoen!

Profesjonell musikarordning i Nord-Rogaland er 40 år! Det blir feira med juleturné på Haugalandet, i Bokn på Bokn skule, Auditoriet.

Munor samarbeider med folkbandet Rags & Feathers om kjend og kjær julemusikk i splitter nye arrangement og med ønske om at dette skal bli ei uforgløymeleg oppleving! Frå Fylkesmusikarane i Nord-Rogaland til Munor og med fantastiske medspelarar!

Billettar, kr 150, får du kjøpt på TicketCo eller i døra.

Munor

Musikkselskapet Nordvegen (Munor) sysselsetter og organiserer profesjonelle musikere i Nord-Rogaland i tett samarbeid med det generelle kulturlivet. Munor har som visjon Kunstmusikk til alle, og har spesielt sett det som sitt mål å ta vare på kulturarven den klassiske musikken representerer.

Ensemblet består av:

  • Bernhard Gismervik - Dagleg leiar/fiolin
  • Almuth Chylek - Fiolin
  • Tobias Tellmann - Cello
  • Marina Johanson - Piano

Rags & Feathers

Folkbandet beveger seg i eit musikalsk landskap som balanserer frå det nære og skjøre til det varme og stødige. Gjennom nye tolkningar av kjende og ukjende julesongar ønsker bandet å formidla julefred i ei hektisk førjulstid.

Velkommen til eit spennande møte mellom Munor og Rags & Feathers.

Billettar, kr 150, får du kjøpt på TicketCo eller i døra.