Julemiddag for ungdom 2022

- Konne mest ikkje blitt bedre… Alt kan sikkert gjerast betre, men denne kvelden vart faktisk bort i mot magisk.

Frå julemiddag for ungdom 2022 - Klikk for stort bileteFrå julemiddag for ungdom 2022 Elisabet Taraldlien

Av Elisabet Taraldlien

Heile 74 forventningsfulle og spenn klare ungdommar, var superklare for ein kveld med fokus på det dei likar best; å vere saman.

Forventningsfulle var og dei åtte damene som stilte opp som hjelparar, og dei gjorde ein formidabel jobb med å rydde til fest, lage mat, oppvask og rydding etterpå. Eg må igjen takke for innsatsen!

Konferansierane Noah og Truls - Klikk for stort bileteKonferansierane Noah og Truls Elisabet Taraldlien

Sjølvstyrt

Truls Foss og Noah Hesthammer leia oss gjennom kvelden, og Johannes Alvestad tok seg profesjonelt av lyd og lys. Takk til Magnus Alvestad som tok seg av opplæringa på anlegget. Det er jaggu ikkje farleg å arrangere noko, når ein har gode folk til å ta seg av konferansierjobbar og det tekniske. Tusen takk!

Fine folk i fine klede kom med smil, glede og liv inn i lokala på Bokn Arena. Stemninga vart ikkje verre då maten vart servert, og ribba «sat så ei kula», riskremen gjekk ned på høgkant og litt snop og chips på bordene gjorde mette magar endå mettare.

Kvelden gjekk forbausande fort, med Talkshow, der nokre utvalde måtte opp på scenen å høyre og sjå litt om seg sjølv. Etterpå vart det konkurransar med «Grip mikrofonen», der deltakarane skulle syngje vidare på ein song, og «Finn ein ting», der ein måtte finne det som vart sagt av konkurranseleiar.

Snart mat å få - Klikk for stort bileteSnart mat å få Elisabet Taraldlien

Godkjensle

Heilt på slutten av kvelden, sto boknarar og tysværbuar saman foran scenen, song og dansa, preika og lo. Då kjende eg på godkjensla, dette var fint å sjå.

Takk for ein utruleg flott kveld saman, kjære ungdom - med von om at de alle hadde ein like magisk kveld som det eg hadde.

Julebordet vart gratis for ungdommane, takka vere midlar frå Psykisk helse for barn og unge. Ei stor takk til Miriam Berland som tipsa meg om dette.

Elisabet

Fleire glimt frå kvelden: