Julemiddagen for ungdom 2016

Fantastisk flotte ungdommar samla under julemiddagen 2016 i Bokn Arena.

10. desember, ganske nøyaktig klokka åtte, kom 28 nydelege og spente ungdommar til Bokn Arena, på den årlege julemiddagen for ungdommane på Bokn. 

Maten vart servert, og det blei ei flott stemning rundt bordet.Glade ungdommar poserer for fotografen.Kåring av "Konge og Dronning", Kristian Hatlem og Madelen Kallevik Hanssen.

Av Elisabet Taraldlien

Det seiv god lukt frå kjøkkenet, ribbe og pinnekjøt, og bordet inne i hallen var flott pynta.

Maten vart servert, og det blei ei flott stemning rundt bordet. Låttane satt laust, og maten smaka godt. Dessert hadde dei og plass til, riskrem med raud saus. Mandelen vann Kristian Hatlem. Det vanka ein julesokk med snop, og vinnaren var nøgd.

Litt konkurransar vart haldne, og på ungdommars vis gjekk det føre seg med mykje lått, litt over snittet konkurranseinstinkt, og vinnarane fekk her og ein julesokk med snop.

Utover kvelden kom musikken på, og det er vel ikkje så mykje som kan konkurrere med latter, smil, dans og glade ungdommar.

Eg ynskjer å takke Bokn sykkelklubb, dei stilte sporty opp med to vakter, og ein kjøkkenhjelp. Det gjorde dei heilt gratis, og dei tilbaud seg faktisk sjølve! Makelaust med slik velvilje hjå folk!