Kikk i kikkerten

Du bør absolutt ta deg ein kikk i kikkerten ved Klepp kystfort!

Bilde av kikkerten på Klepp kystfort. - Klikk for stort bileteKikkert på Klepp kystfort. Anette Våga

Visste du at det står ein utsiktskikkert på festningsanlegget i Loten? Han er av same type som kikkertane på Boknafjellet og Vardafjellet. Desse gir god sikt og toler ikkje minst mykje sjøsprøyt.

Ta deg ein tur

Festningsområdet er eitt av Bokn sine mange flotte turområde, enten det er på fjellet, i skogen eller ved sjøen. I Klepp har det på frivillig basis blitt laga turløyper med eigne utarbeidde turhefte-guidar, for at fleire skal få tilgang til meir informasjon om det som skjedde her.

I tillegg er det ein plass med eit interessant og flott dyreliv med både kobbe og havørn. Og så har du god moglegheit for å verkeleg kjenna vind i håret og lukta av sjø.

Kikkerten er sett opp ved hjelp av pengegåve frå Sparebankstiftelsen SR-Bank, som Bokn idrettslag fekk i 2019. Han har stått der i nokre år, og me oppmodar lokale turgåarar og besøkande til å bruka han.

TellTuren til Klepphaugen er også ein del av turområdet

God tur!