Kjekt i sommar, Sommarskulen 2021

Fv. Mie Bosvik Fiskaaen og Tiril Sjøen med kvar sin grisunge på gardsbesøk i Våga. - Klikk for stort bileteFv. Mie Bosvik Fiskaaen og Tiril Sjøen med kvar sin grisunge på gardsbesøk i Våga. Simmen Karoliussen Etter eit utfordrande år med mange restriksjonar og avlysingar av fritidsaktivitetar, bestemte Utdanningsdirektoratet å løyve pengar til sommarskule. Sju aktivitetar blei gjennomførte.

Av Simmen Karoliussen 

Ein tredjedel av elevane på Bokn skule fekk plass på gratistilbodet Kjekt i sommar, Sommarskulen 2021. I vekene 26, 27, 28 og 31 har det vore forskjellige aktivitetar på Bokn og i Tysvær.

Elevane har fått bryne seg på orientering, hest og stell, symjing, padling og leik i vatn, snekring - og nokre var også på gardsbesøk i Våga. Nokre av dei aller eldste fekk også tatt båtførarprøven, kor alle bestod.  

Haugesund Idrettslag Orientering hadde opplegg for 1.-4. klasse. - Klikk for stort bilete
Linnea Elisabeth Palmer leier ponnyen gjennom hinderløypa. - Klikk for stort bilete
Even Brekke i snekkarvesktaden til Erikv Våga, i full gang med å lage lampe. - Klikk for stort bilete
Arild Ognøy visar vegen til Kopervik kor dei sel softis, til Trym Karoliussen og Albert Lindanger, under den praktiske delen av båtførarprøven. - Klikk for stort bilete


I etterkant har eg høyrt at det er fleire av elevane som både vil bli snekkar og ha eigen hest. Hesten vil dei helst ha gåande i hagen.  

Det har vore ein nydeleg sommar med mange aktivitetar. Takk til alle som har bidratt! Om det blir sommarskule igjen til neste år er enno ikkje avgjort, så eg seier takk for nå, og takk for lånet av utruleg kjekke elevar! 

Sjå fleire bilde frå Kjekt i sommar, Sommarskulen 2021: