Kongsbu - Dagsturhytta i Bokn

Jardar Havikbotn Bli medlem av den offentlege facebookgruppa; Kongsbu - Dagsturhytta i Bokn

Over 100 stk. har allereie meldt seg inn i gruppa, kor byggeprosessen og mykje anna skal presenterast - ikkje minst er alle inviterte til å posta tekst, bilde, tankar, spørsmål, m.m., slik at me får ei levande side!

Gå til gruppa

20 min. frå stistart

Fleire er nysgjerrige på kor hytta skal ligga. Inne i gruppa ligg førebels bilde frå hyttetomta og området rundt. Ta deg gjerne ein tur. Det er berre 20 minuttar å gå ut, frå starten på Turstien i Føresvik. Ta av nordover på påbegynt traktorveg like før stikrysset med postkasseboka. Hugs gode sko.

Heile Rogaland

I løpet av 2022 skal alle kommunane i Rogaland få si dagsturhytte. Etter kommunestyrevedtak skal dagsturhytta i Bokn ligga i Kongshamn, og etter ein namnekonkurranse skal ho få namnet Kongsbu.

Målet med dagsturhytteprosjektet er å senka terskelen for å komma seg ut på tur. Dagsturhytta er eit samarbeidsprosjekt mellom Sparebankstiftelsen SR-Bank, Rogaland fylkeskommune, kommunane og frivillige lag og organisasjonar.

Korte avstandar

Den offisielle parkeringsplassen vil bli ved kyrkja. I familievennleg tempo er det derifrå 30 minuttar å gå til staden rett nord/nordaust for Stollstjydnå (2,2 km). Frå stistart i Føresvik tar det berre 20 minutt. Og når den nye traktorvegen frå Turstien og ned til Stollstjydnå blir ferdig, vil traséen til Kongsbu blir endå lettare.

Kongsbu skal plasserast omtrent 30 m aust for stien som går opp Stoggdalen, på veg til Boknahåve. Rett før stien svingar vestover mot Stoggdalen, ser du ei lita furu når du vender deg mot aust. Der skal hytta ligga.

Rundturar

Tilbake til kyrkja har du fleire moglegheiter. Du kan gå same veg tilbake, men vil du gå langt kan du fortsetta opp Stoggdalen til stikrysset ved Halvarsfjellet. Der kan du ta deg ein tur ut til Boknahåve, eller gå til Borgenvik og igjen venda austover til Søllbrekk og vidare til kyrkja.

Du kan også ta Turstien til Føresvik og gå opp Kyrkjebakken via skulen. Det er 2,5 km (35 min.) frå Kongsbu opp til kyrkja. Då har du fått deg ein rundtur på 4,7 km (og gått litt over ein time til saman).

Hytta

Kongsbu vil m.a. få solcellepanel, solcelleventilator, vedomn, hems, turbibliotek, turbok, utedo og vera beisa på førehand. Det vil bli platting rundt heile hytta og det skal etablerast grillplass med bålpanne.

Det skal gravast av på tomta før sommarferien. Kongsbu skal stå på stålstenger. Hytteelementa kjem med båt i august, og skal fraktast med helikopter ut til Kongshamn når den tid kjem. Kongsbu skal vera klar til å takast i bruk på slutten av året.