Korona- og influensavaksinering, hausten 2023

Det er haust igjen, og med det følger tilrådinga til alle i risikogrupper å vaksinere seg igjen.

Vaksinar er bestilte, og så snart vi har fått dei leverte - erfaringsmessig 2. halvdel av oktober, vil vi informere om dette og du kan få dine vaksinar på Bokn legekontor. Du kan ta begge vaksinar samtidig. 

For influensa gjeld dette (som tidlegare) 

  • bebuarar på sjukeheim og i omsorgsbustad
  • alle over 64 år
  • gravide i 2. og 3 trimester
  • barn og vokse med risikofaktorar:
    • hjerte/kar-sjukdom (unntatt berre høgt blodtrykk)
    • kronisk lungesjukdom
    • diabetes
    • nyresvikt eller leversvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom
    • nedsett immunforsvar
    • alvorleg fedme
    • ved andre tilstander etter råd frå lege
  • alle tilsette i helse-og omsorgstenesta med pasientkontakt.


For korona gjeld dette (som tidlegare) også alle over 64 år, eller som tilhøyrer ei risikogruppe som nemnd ovanfor. 

Merk at helsepersonell ikkje blir vurderte å trenge oppfriskningsdose av koronavaksinen pr no. 

Pris: 

  • influensavaksinen kostar 200 kr (tilsette i helse-og omsorgstenesten i Bokn får denne gratis). 
  • koronavaksinen er gratis til alle i risikogrupper.


For vaksinering - ta kontakt med Bokn legekontor i opningstida.