Koronainformasjon

Her kjem informasjon frå Koronasenteret, som blir lagt ned frå 1. mai.

Etter to år med pandemi er vi nå i ein fase der det er grunn til håp om at vi kan halde samfunnet opent og lære oss å leve med koronaviruset utan bruk av inngripande smitteverntiltak.  

Vi har høg vaksinasjonsgrad, og mange har gjennomgått infeksjon. Det betyr at befolkninga i stor grad er beskytta mot alvorleg sjukdom, og det er derfor mindre behov for tiltak for å begrense smitte. 

Denne oppdaterte strategien er en leve-med strategi. 

Synkande

Epidemien i Norge har nådd smittetoppen og er nå klart synkende. 5. april oppheva Regjeringen rådet om å halde seg heime i 4 døgn ved påvist covid-19.  

Det blir ikkje lenger vurdert som nødvendig å begrense smitten med andre anbefalingar enn at sjuke personar held seg heime.

Den generelle anbefalinga om testing for covid-19 ved ny oppståtte luftvegssymptom gjeld ikkje lenger.

Råda ved nyoppståtte luftvegssymptom er nå å halde seg heime når ein føler seg sjuk, uavhengig av årsak.  

Teststasjonen for Tysvær, Sveio og Bokn blir lagt ned frå 1. mai 2022

Testing til koronasertifikat kan gjerast hos private aktørar. 

PCR blir berre utført på klinisk indikasjon frå 1. mai. Det vil seie at det er lege som rekvirerer test etter ei medisinskfagleg vurdering, på lik linje med andre luftvegsinfeksjonar. Test kan takast på legekontoret dersom det er behov.  

Sjølvtestar

I ein overgangsperiode vil det vere tilgjengelege sjølvtestar for dei i befolkninga som likevel ønsker å teste seg. Råda ved nyoppståtte luftvegssymptom er dei same uavhengig av testresultat: hald deg heime dersom du føler deg syk. 

Du kan hente sjølvtestar i servicetorget på Boknatun.