Koronajul igjen

Koronajul - Klikk for stort bileteKoronajul pixabay.com Dei to siste vekene har Bokn fått pandemien nært innpå seg.

Av kommuneoverlege Jan Schille

Karantene, isolering, regelmessig testing av barn og unge, skuleelevar som må sendast heim og mørkeraud farge på VG sitt smittekart har påverka adventstida for mange husstandar. Samtidig har ein nasjonalt stramma kraftig inn med nye tiltak og delvis nedstenging. I kommunen har vi arbeidt for å handtere og bremse smitteutbrotet, og den neste veka vil vise om tiltaka har fungert.

Rett balanse

Fredag er det julaftan. Vi ynskjer at du og dine skal få feire ei fredeleg jul i lag. Vi veit store samankomstar på tvers av generasjonar i høgtidene kan spreie smitte. Vi veit og at du no kan mykje om smittevern. Vi treng høgtidene og den avkoblinga dei er frå kvardagen for mange. Vi veit og kor viktig fellesskap og samvær med gode folk er for helsa vår. Korleis skal vi balansere dette?

Nasjonale råd er meint å bremse smittespreiing. Råda vil aldri vere vasstette på den måten at all risiko blir fjerna. Vi klarar ikkje lage reglar som 100% rettferdig rammar alle likt. Kvardagen som jula vil påverke kvar enkelt ulikt. Skal vi godta litt risiko for å kunne leve litt i lag? Ulike menneske har ulike behov og ulike ønsker. Nokre vil heller igjen vere forsiktige i desse tider. Andre - med god grunn - er lei snart to år med pandemi og ønsker seg pause og pandemifriminutt.

Eg trur vi må tåle at vi er ulike her. Eg trur dei som har vore mest forsiktig kan unne seg meir sosial kontakt, nærvær og fellesskap enn tidlegare. Vaksinering beskytter mot alvorleg covid-19 sjukdom. I Bokn har vi vaksinert godt og ligg føre mange andre når det gjeld andel som har fått 3. dose.

Ikkje på same måte

For nokre betyr jul også å ha det festleg på utestadar og barar, deltaking på kulturarrangement, og det å kjenne på gleda over å vere i lag med og dele opplevingar med kjende og ukjende menneske. Denne jula får du ikkje denne pausen frå kvardagen på same måte. Du blir kanskje frustrert over at det ligg føre sterke avgrensingar for det du vil – medan andre kan få samlast på sin måte – utan at smitterisikoen er så ulik. Det kjennest urettferdig, og det gjer det vanskeleg å motivere seg til å følgje nasjonale råd.

Til deg vil eg seie at eg forstår deg veldig godt. Eg skulle ønske alle kunne leve som dei sjølv vil no som ellers. Eg håper vi kjem dit snart.