Koronarestriksjonar og jul

Lys i mørket. - Klikk for stort bileteLys i mørket. pixabay.com Pandemien er tøff og utfordrande for mange, spesielt for barn og unge som opplever ein annleis kvardag nå før jul.

Av helsesjukepleiar Henriette Lindanger

Helsestasjon/skulehelseteneste

Helsestasjon og skulehelsetenesten er eit gratis lågterskeltilbod for barn og unge og deira familiar i kommunen.

Helsesjukepleier Henriette har fri i romjula, men er tilbake på helsestasjon/skulehelsetenesta måndag 3. januar.

Vil minne om at Helsestasjon for Ungdom i Haugesund (13-19 år) er open som vanleg i romjula.

Råd om psykisk helse i koronakvardagen

Pandemien er tøff for mange, spesielt for ungdommen som opplever ein annleis kvardag. Då er det viktig å halde seg i gong med det vanlege livet så mykje du kan.

Dette er gode råd for alle nå:

  • Ha gode kvardagsrutiner
  • Stå opp til fast tid om morgonen og kom i gong med dagen
  • Få nok søvn
  • Et regelmessig
  • Tren regelmessig
  • Kom deg ut i dagslys og frisk luft kvar dag
  • Driv med ting som kjennest meiningsfullt
  • Gjer ting som får deg til å føle deg fornøyd og glad
  • Hugs at du også er viktig for andre, så ver også ein venn og støtte for nokon
  • Konsentrer deg om å finne noe du gler deg over og gler deg til framfor å tenke på det du saknar
  • Ver sosial innanfor rammene av det som er gjeldande råd
  • Bruk sosiale medier som gir deg energi
Barn og unges helseteneste (Helse Fonna)
Hjelpelinjer for barn og unge

Enkelte gonger er det viktig å få tak i profesjonelle vaksne som kan hjelpe. Du kan søke hjelp både på telefon og chat.

Viss barn og ungdom opplever heimesituasjonen så vanskeleg at dei treng hjelp fra nokon andre, eller nokon er bekymra for eit barn eller ein ungdom, kan dei kontakte:

Har døgnopent heile veka. Barn, unge og vaksne som er bekymra kan ringe tlf. 116 111 heile døgnet. Her møter du profesjonelle vaksne som kan hjelpe.

Kvar tysdag frå klokka 14 til 16 kan du chatte med UngSnakk. Her møter du rettleiarar som kvar dag jobbar med å hjelpe barn, unge og vaksne som kjenner nokon som slit med alkohol, rus eller vonde tankar. Tenesta er for deg mellom 10 og 23 år, og du kan vere heilt anonym.

Røde Kors sitt samtaletilbod gjeld for alle opp til 18 år. Du kan ringe, sende e-post eller chatte og ta opp det som er viktig for deg.

Hos Kors på halsen får du snakke med ein vaksen du kan stole på, og som ikkje kan sjå kven du er. Du kan fortelle om alt, både dei gode tinga og det du synest er vondt og vanskeleg. For livet blir faktisk litt lettare når du har nokon å snakke med.

Dette er eit tilbod til alle som treng å dele tanker og kjensler med nokon. Nettenesta Sidetmedord.no blir driven av Hjelpetelefonen 116 123. Hjelpetelefonen blir driven av interesseorganisasjonen Mental Helse. Du kan også chatte via nettsiden deira.

Dette er ein døgnåpen telefon- og chattetjeneste for omsorgspersonar som treng hjelp, rettleiing, eller har behov for å lufte tankane sine med nokon.

Tlf. 116 006 er ei hjelpelinje for alle som opplever vald eller overgrep i nære relasjonar.

Dei har opent døgnet rundt og du kan ringe uansett kor du bur i Norge. Du kan snakke om opplevingane dine, få hjelp, råd og svar på spørsmål. Du kan ringe anonymt og tenesta er gratis.