Koronavaksine – ny oppfriskingsdose

Koronavirusvaksine - Klikk for stort bileteKoronavirusvaksine lmi.no Vaksineteamet i Bokn kommune vil i løpet av august starta opp med nye oppfriskingsdosar med koronavaksine.

Kommunalsjef helse og omsorg, Grethe Heimvik fortel at FHI si prioriteringsrekkefølge skal følgast:

  • Sjukeheimsbebuarar og sårbare personar som er 75 år og eldre med heimesjukepleie
  • Aldersgruppa 80 år og eldre
  • Aldersgruppa 75-79 år

Det skal også planleggast for å tilby fjerde dose til personar frå 65 år og oppover samt personar mellom 18-64 år med underliggande sjukdommar frå 1. september.

Nok til alle

Frå regjeringa heiter det at bakgrunnen for ny oppfriskingsdose er aukande koronasmitte, og at hjørnesteinen i beredskapen deira er vaksinasjon – og det er nok tilgjengeleg vaksine.