Koronavaksinering, våren 2023

Folkehelseinstituttet anbefaler at alle over 75 år og sjukeheimsbebuarar der det er meir enn 6 månader sidan siste dose, bør få ein oppfriskningsdose.

Illustrasjon, koronavaksinering. pixabay.com

Bokn legekontor vil handtera vaksinering som tidlegare og vil ha vaksiner tilgjengelege i veke 17 – frå om lag 26. april.

Ein ny dose vil vera særlig aktuell dersom du ikkje tidlegere har hatt koronasjukdom, og dersom du i tillegg til høg alder (75 år eller eldre) har ein sjukdom eller tilstand som gir økt risiko for at koronasjukdommen kan bli alvorleg dersom du blir smitta.

Les meir om risikogrupper her:

Risikogrupper

Kombinasjon av infeksjon og vaksinasjon gir betre vern enn vaksinasjon aleine og held seg godt over tid. Behovet for ny dose denne våren er derfor lågare dersom du i tillegg til vaksinasjon også har gjennomgått koronasjukdom. 

Folkehelseinstituttet reknar det som sannsynleg at det vil komma ei anbefaling om ytterlegare ein ny dose til dei eldste til hausten, før vintersesongen 2023-24.