Kortversjon av kulturminneplan

I løpet av helga vil alle husstandar i Bokn få ein kortversjon av kommunen sin kulturminneplan i postkassen.

Bildet viser spesialutgåver av Bokn Bygdablad: Kortversjon av kulturminneplan. - Klikk for stort bileteSpesialutgåve av Bokn Bygdablad: Kortversjon av kulturminneplan. Jardar Havikbotn

Fleire kan oppfatta ei planframstilling som kjedeleg stoff, og me har valt å popularisera det heile. Me har lagt vekt på illustrasjonar, der dei 22 prioriterte kulturminna i kommunen er plasserte i kart på midtsidene.

Uvurderleg hjelp!

Og jammen blei det ikkje ei spesialutgåve av Bokn Bygdablad til slutt, slik boknarane kjenner bladet frå desember 2016, då den siste utgåva blei gitt ut. Det har blåse ein nostalgisk vind på kulturkontoret under arbeidet, med uttalige telefonar og mailar over Boknafjorden til forfattar, historikar og boknaentusiast Birger Lindanger.

Eg har samarbeidd med han sidan slutten av 1980-talet, og me er heldige som har ein kunnskapsrik lokalhistorikar med stor kapasitet!

Spesialutgåva av Bygdabladet vil seinare koma digitalt i Arkiv Bygdabladet på nettsidene til kommunen.

Kulturminneplanen sin handlingsdel

Kortversjonen, som me allereie har fått gode tilbakemeldingar på frå kulturavdelinga i Rogaland fylkeskommune og Universitetet i Stavanger, er ein del av handlingsdelen for kulturminneplanen for Bokn.

Dette er starten på ei rekke trykksaker, merking og skilting - i haust og til neste år, som i hovudsak er retta mot dei 22 prioriterte kulturminna i kommunen.

Lokale bøker

Mellom anna blir det laga ei bok med segn og historier frå Bokn, illustrert av May Jorunn Vatnaland. Går alt etter planen, vil boka vera for sal på julemessa 25. nov. i Bokn Arena Hall. Der kan du også kjøpa bygdebøker til spesialpris, som me har frå i dag, torsdag 21. september og ut året. Annonsa kan du sjå på baksida av bladet som kjem, og på kommunen sine nettsider (PDF, 12 MB).