Ordføraren er klar til å frakta folk til byen.
Jardar Havikbotn
Han oppfordrar andre frivillige som har førarkort for minibuss om å melda seg. Dei som vil bidra, kan ta kontakt med flyktningkoordinator Anne Grethe Amdal Osvåg, tlf. 46 86 18 66.
Dårleg busstilbod
Det er kjent at Bokn har eit dårleg busstilbod. Nå når me har tatt imot flyktningar, har problemet blitt endå meir synleg.
- Me jobbar med å forbetra dette. Dei nye innbyggarane våre synest det er fint i Bokn, men vanskeleg å komma seg rundt i distriktet. Ein del frivillige har bidratt med å køyra til norskopplæring og andre formål, og eg vil takka dei for innsatsen og oppfordra også andre til å melda seg, seier ordføraren.
- Flyktningane har også uttrykt ønske om køyring til Amanda for handling av og til, spesielt i helgene. Det er snakk om rundt ein gong i månaden, og det må me kunna få til, avsluttar ordførar Osmund Våga.