Kranselag

25.04.22 Kranselag blir også kalla sperreskål. Her er sperreflagget. - Klikk for stort bilete25.04.22 Kranselag blir også kalla sperreskål. Her er sperreflagget. Svein Ersland 25. april var over 30 stk. samla i kranselag på den nye skulen. Bygget er innflyttingsklart i desember i år.

Desse var representerte:

  • GL Prosjektservice A/S
  • Haaland & Thuestad A/S
  • Karmøy Rørteknikk A/S
  • Ingeniørfirmaet L.S. Solland A/S
  • Tøgersen Elektro A/S
  • Odd M. Grønnestad
  • Certegeo
  • Link Arkitektur A/S

25.04.22 Over 30 stk. var samla i kranselaget. - Klikk for stort bilete25.04.22 Over 30 stk. var samla i kranselaget. Jardar Havikbotn I tillegg deltok prosjektleiar Svein Ersland og representanter frå Bokn kommune. Prosjektleiaren fortel at handverkarane sette stor pris på gode smørbrød og kake.

Gler oss til det er ferdig

I talen sin gratulerte ordførar Osmund Våga alle som har bidratt til eit flott bygg, og sa at me gler oss til å ta det i bruk. Han sa at skulen er hjarta i bygda, der det skjer mykje både på dagtid og kveldstid. Innbyggarar og politikarar er veldig opptatte av at me skal ha ein god skule.

I rute

Arbeida har heile tida vore i rute. Nå har til og med utandørsarbeida blitt framskunda frå august til ca. 15. juni. Svein Ersland seier at alle arbeida er ferdige i oktober, og at det er innflyttingsklart i desember. 

Her kjem fleire bilde pr. 25.04.22: