Kulturkaféen på Idrettshuset

Etter at miljøterapeut Elisabet Taraldlien starta kulturkaféen, har ho kjent på ei stor glede, men også sorg.

Bilde av miljøterapeuten saman med tre ukrainske flyktningar. - Klikk for stort bileteSaman med tre av dei nye naboane: fv. Nataliia Ivanenko, Andrii Polishzhuk, Elisabet Taraldlien og Nadiia Lisovska. Osmund Våga

Ho kan fortelja dette:

Gleda kjenner eg på, når dei same kjem att, når ung og gamal treffest, når familiar tek «middagen» sin på kafeen. Latter som fyller lokala når ungdomen sit saman og preikar, kaffilukta som brer seg saman med nysteikte horn.

Sorga snik seg litt inn, når eg står saman med dei nye naboane våre, for eg kjenner både glede for å få bli kjent med dei, men og sorg på deira vegne, og grunnen til at vi kan bli naboar og vener.

Kjære boknarar, takk for at de kjem på kaféen, takk for de er så gode i dykk, eg er takksam for å få vere ein del av Bokn.

Elisabet