Kulturmidlar 2016

Bokn formannskap fordelte i møte 10. mai årets kulturmidlar. klubbe

Aktivitetar for barn og unge, musikk og idrett med vekt på aktivitetsnivå, medlemstal og årlege utgifter blei prioriterte. Kr. 150.000 blei fordelte.

Bedehuset, Gatebilklubben, Historielaget, Speidarane, Musikkorpset og Mållaget fekk det dei søkte om.
Pensjonistforeningen og Skyttarlaget fekk det same som i fjor.
Bokn idrettslag fekk ein støttereduksjon.
Bokn Sykkelklubb fekk ein auke i støtta si.
Taekwon-Do-klubben fekk oppstartsmidlar (§4).

§ 7 - støtte til eit spesielt tiltak:

Søkar
Bokn Gatebilklubb:   Material og maling til laging av parkbenkar til allmenn bruk ved Kyrkjebygd aktivitetshus.

 

Dei fekk §7-midlane til prosjektet sitt.


Oversikt
Lag/organisasjon Fordeling 2015 Fekk 2016
Bokn bedehus 3.000 3.000
Bokn gatebilklubb 10.000 10.000
Bokn historielag 3.000 3.000
Bokn idrettslag 53.500 48.000
Bokn KFUK-KFUM 30.000 30.000
Bokn musikkorps 15.000 15.000
Bokn mållag 3.000 3.000
Bokn pensjonistforening 3.000 3.000
Bokn skyttarlag 3.000 3.000
Bokn sykkelklubb 2.000 20.000
Bokn Taekwon-Do Klubb - 2.000
     
Bokn Gatebilklubb §7-spesielt tiltak 10.000