Kulturmidlar 2017

KlubbeBokn formannskap fordelte i møte 6. juni årets kulturmidlar.  

Aktivitetar for barn og unge, musikk og idrett med vekt på aktivitetsnivå, medlemstal og årlege utgifter blei prioriterte. Kr. 150.000 blei fordelte.

Bedehuset, Gatebilklubben, Historielaget, Musikkorpset, Mållaget og Pensjonistforeningen fekk det dei søkte om. Skyttarlaget fekk det same som i fjor. Bokn idrettslag, Speidarane og Sykkelklubben fekk ein støttereduksjon. Taekwon-Do-klubben og BORK fekk til saman 18% av disponible midlar.

§7-midlane (støtte til eit spesielt tiltak) gjekk til Bokn KFUK-KFUM/Bokn IL/Bokn RK/Bokn sanitetsforening: midlar til oppgradering av Alvestad nærmiljøanlegg med toalettbygg og gapahuk.


Oversikt
Lag/organisasjon Fordeling 2016 Fekk 2017
Bokn bedehus 3.000 3.000
Bokn gatebilklubb 10.000 10.000
Bokn historielag 3.000 3.000
Bokn idrettslag 48.000 30.000
Bokn KFUK-KFUM 30.000 25.000
Bokn musikkorps 15.000 15.000
Bokn mållag 3.000 3.000
Bokn pensjonistforening 3.000 3.000
Bokn ride- og kjøreklubb (BORK)   11.000
Bokn skyttarlag 3.000 3.000
Bokn sykkelklubb 20.000 18.000
Bokn Taekwon-Do Klubb 2.000 16.000
     
Bokn KFUK-KFUM/Bokn IL/Bokn RK/Bokn sanitetsforening §7-spesielt tiltak 10.000