Kulturmidlar 2021

Bilde frå søknadsskjemaet. - Klikk for stort bileteBilde frå søknadsskjemaet.Fristen for å søka om tilskot til kulturarbeid (driftstilskot og ev. støtte til eit spesielt tiltak) er 15. april.

Personar, organisasjonar, foreningar, lag og institusjonar som driv eller vil starta kulturverksemd i Bokn kommune kan etter søknad få stønad frå kommunen.

Ha vedlegga klare

For søkarar er det lurt å ha klart det som skal lastast opp FØR dei går inn i det digitale søknadsskjemaet. Nokre av postane kan nemleg mista data dersom det går 20 min. utan aktivitet. Det du må ha klart er:

  • Rekneskap 2020
  • Budsjett 2021
  • Medlemsliste pr. 01.01.21

Ein kan også lasta opp andre ting dersom ein ynskjer dette.

Velforeningane i kommunen mottar automatisk årlege drifttilskot frå kommunen og treng ikkje søka.

Slik gjer du

Gå inn i søknadssenteret og velg skjemaet Søknad om tilskot til kulturarbeid. Dersom du ønsker å kunna mellomlagra søknaden din før du sender han inn, logger du deg inn først. Dette gjer du oppe til høgre på sida. Det enklaste er då å velga Logg inn med ID-porten (Bank ID) som dei fleste brukar i dag. 

Søknadsskjemaet er stort sett sjølvforklarande, men det er laga ei

rettleiing til enkelte av punkta (PDF, 258 kB)

Spørsmål om utfylling av søknadsskjemaet kan rettast til Jardar på kulturkontoret - tlf. 98221508.