Kulturmidlar 2025

Fristen for å søka om tilskot til kulturarbeid (driftstilskot og ev. støtte til eit spesielt tiltak) er 8. mai. 

Bilde av ein person som sit og jobbar framfor PC'en. - Klikk for stort bilete KI-generert bilde

Personar, organisasjonar, foreningar, lag og institusjonar som driv eller vil starta kulturverksemd i Bokn kommune kan etter søknad få stønad frå kommunen.

Søk her

Ha vedlegga klare

Når du skal søka er det lurt å ha klart det som skal lastast opp FØR du går inn i søknadsskjemaet. Det du må ha klart er:

  • Rekneskap 2024
  • Budsjett 2025
  • Medlemsliste pr. 31.12.24


Viss du ikkje føler deg sikker på filopplasting, kan du levera vedlegga på Boknatun (kl. 08:30-15:00), eller senda dei pr. post - merk konvolutten Kulturmidlar 2024. HUGS SØKNADSFRISTEN: 8. MAI.

Andre ting det er lurt å ha i nærleiken under søknadsprosessen er:

  • Medlemskontigent
  • Medlemsinndeling
  • Aktivitetsoversikt
  • Møteoversikt
  • Ev. spesielle tiltak


Spørsmål om utfylling av søknadsskjemaet kan rettast til Jardar på kulturkontoret - tlf. 98221508.

Velforeningar i kommunen som er registrerte i Brønnøysund mottar automatisk årlege drifttilskot frå kommunen og treng ikkje søka.

Søk her

Denne sida nyttar informasjonskapslar Trykk her for detaljert informasjon. (Skjul denne meldinga)