Kulturprisen 2021

Rune Vatnaland fekk kulturprisen i 2019. - Klikk for stort bileteRune Vatnaland fekk kulturprisen i 2019. Jardar Havikbotn Bokn kulturkontor ynskjer forslag på kandidatar til kulturprisen 2021. 

Prisen, som blir delt ut på eit kulturarrangement til hausten, skal vera ei påskjøning til ein person, lag eller andre som har utført eit særleg verdfullt arbeid på kulturområdet eller i nærmiljøet i Bokn kommune.

Desse har fått prisen tidlegare:
1993  Eivind Øvrebø
1995 Målfrid Kro Trosnavåg
1997 Olaug Hognaland
1999 Solveig og Leiv Våga
2001 Matias Are
2003 Inger Sønnøve Bokneberg
2005      Songtrioen (Venevil Birkelund, Oddrun Nilssen, May J. Vatnaland)
2009 Odd Grønnestad
2011 Ragnhild og Artur Trosnavåg
2013 Kjell Frode Lie & Kaj Arne Christiansen
2015 Janne Elin Vatnaland
2017 Erik og Anette Våga
2019 Rune Vatnaland

 

Stikkord for desse personane har vore:

Bygdemuséet, kulturvern, restaurering, innsamling, kulturformidling, lokalkunnskap, entusiasme, inspirasjonsfigur, tradisjon, diktar- og forteljarevne, dikt- og prologskriving, barne- og ungdomsarbeid, uformell, respekt, eldsjeler, musikk, omsorg, jordnær, helseførebygging, støttearbeid, spre glede, mangfold, kvalitet, ja-menneske, utrøtteleg, positiv, inkluderande, kompetanse, kursverksemd, frivillig humanitært arbeid, forbilde, fysisk aktivitet, idrettsglede, ambassadør, motivator, løysningsorientert, kreativ, skapartrong, dugnadsmotor, initiativstakar, ukueleg optimist og pågangsmot.

Frist: 1. juli

Nå har du sjansen til å påverka kven Bokn kommune bør gi kulturprisen i år. Skriv eit brev til Bokn kulturkontor, Boknatunvegen 37, 5561 Bokn - eller send ein mail til kulturkontoret og fortel om kvifor akkurat den personen eller dei personane/laget bør få kulturprisen i 2021.

Prisen gjeld ikkje nærings-/jobbrelatert verksemd.