Kulturprisen 2023

Olav G. Larsen og Kari Christensen fekk Bokn kommune sin kulturpris 2023 av ordførar Egil Våge under årets nasjonaldagsfeiring i Bokn Arena.

Bildet viser Olav G. Larsen og Kari Christensen motta Bokn kommune sin kulturpris 2023 av ordførar Egil Våge under årets nasjonaldagsfeiring i Bokn Arena. - Klikk for stort bileteOlav G. Larsen og Kari Christensen mottok Bokn kommune sin kulturpris 2023 av ordførar Egil Våge under årets nasjonaldagsfeiring i Bokn Arena. Anne Tove Øvrebø

Prisen, som var nr. 15 i rekka sidan starten i 1993, kan gjevast til ein person, grupper eller lag som har gjort ein særleg verdfull innsats i kommunen innan det utvida kulturomgrepet som også inkluderer idrett.

Årets prisvinnarar spenner over fleire område innan kultur; bygningsvern, ivaretaking av landbrukshistorie, kulturambassadørar, formidling, bygdebokarbeid, lokalhistorie og museum.

Formannskapet si grunngjeving

Olav G. Larsen og Kari Christensen har gjennom mange år vore dedikerte formidlarar og vaktarar av Bokn si   historie og kystkultur. Deira viktige arbeid med å bevara sjøhuset og sildesalteriet i Krovågen har vore eit sentralt bidrag til å sikra desse kulturminna for kommande generasjonar. Prisvinnarane sin innsats, både økonomisk og fysisk, har resultert i omfattande istandsetting av sjøhuset, der dei nøyaktig har sortert og gjenbrukt gamle materiale for å bevara autentisiteten i historia.

I tillegg til å vera dedikerte bevararar av kulturarven, har Olav og Kari òg fungert som ambassadørar for kulturminnetradisjonane. Funna deira av historiske gjenstandar frå sildetida har ført til kontakt med kulturvernarar nasjonalt og internasjonalt, og innsatsen har blitt anerkjend gjennom omtale i media, inkludert eit intervju på BBC. 

Som ivrige kulturformidlarar har Olav og Kari opna sjøhuset for både uanmelde besøkande og inviterte gjester, og gjennom arrangement som konsertar og nabolagskaffi har dei gjort sjøhuset til ein levande arena for formidling av lokal-historie. 

Foto av Kulturprisen 2023. - Klikk for stort bileteFoto av Kulturprisen 2023. Jardar Havikbotn

Samstundes har Olav vore aktivt engasjert i historielaget og bygdeboknemnda. Og ikkje minst har arbeidet deira med Krovågen Hestesenter sidan 1990-talet - også tilrettelagd for personar med nedsett funksjonsevne - bidratt til å bevara og vidareføra tradisjonane knytt til landbruk og hestehald på Bokn. 

Alt dette gjer Olav og Kari til verdige mottakarar av Bokn kommune sin kulturpris. Innsatsen deira vil bli hugsa og verdsett i lang tid framover.

Prisen

Forutan innramma diplom bestod prisen av eit maleri. Bildet «UT» er ein original av Per Ove Sødal. Han bur i Kristiansand, og tek i kunsten sitt tak i det særnorske med uthamner, fiskevær og naust.

Bildene hans er lett oppbygde med geometriske formar og inneheld element av mystikk og undring om livet. Ofta e det tette kontrastfargar med djupe blåtonar og klare oransje fargar.

I motiva e det ofte natt, kveld eller den blå timen, og huså e skakke og falleferdige.

Bilde av Kunstnar Per Ove Sødal som 2. mai var innom Galleri Hantho i Haugesund med bildet som blei Bokn kommune sin kulturpris 2023. - Klikk for stort bileteKunstnar Per Ove Sødal var 2. mai innom Galleri Hantho i Haugesund med bildet som blei Bokn kommune sin kulturpris 2023. Fredrik Bjørgen

Alle bilda hans har ei spennande spegling i forgrunnen av bygningane, som tilfører ei ekstra djupne til bildet.

Takketale

Kari Christensen sa i takketalen at dei var svært glade og rørte over å motta prisen. Ho fortalde at kulturminneplanen i Bokn har bidratt til å gi sjøhuset i Krovågen ei forankring, som har vist seg å vera viktig når dei har søkt om midlar til restaurering.

I etterkant av 17. mai har ho fortalt meg at ho i takketalen gløymde å nemna at snekker Bernt Øvrebø har gjort mykje flott restaureringsarbeid på bygget. Og at lag og foreiningar i Bokn er velkomne til å ta kontakt viss dei planlegg eit møte/arrangement og er interesserte i å bruka sjøhuset (sommarhalvåret) - og kanskje ønsker å høyra litt historier knytta til bygningane i Kro.