Kulturprisutdeling på 17. mai

Torhild Svendsen etter prisutdelinga. - Klikk for stort bileteTorhild Svendsen etter prisutdelinga. Jardar Havikbotn Torhild Svendsen fekk Bokn kommune sin kulturpris 2021 av ordførar Osmund Våga under nasjonaldagsfeiringa i Bokn Arena. 

Kulturprisen, som er ei påskjøning til ein person, lag eller andre som har utført eit særleg verdfullt arbeid på kulturområdet eller i nærmiljøet i Bokn kommune, har blitt delt ut anna kvart år sidan 1993, med unntak av 2007.

Held liv i korpset

17. mai var ei god anledning å dela ut den koronautsette prisen. Vanlegvis får prisvinnaren vita på førehand at han/ho vil få prisen, men denne gongen skulle det vera ei overrasking, akkurat som då Odd Grønnestad fekk han i 2009. Begge desse hendingane kan knyttast til musikkorpset, og i år har det vore fokus på at korpset ikkje kunne stilla med messingblåsarar på nasjonaldagen.

Men det er 6 messingaspirantar under opplæring, med nettopp Torhild Svendsen. Derfor er det ho som nå held liv i håpet om å bygga opp ei ny messinggruppe. 

Kunstverk

Prisen bestod av eit bilde av den norske bildekunstnaren, illustratøren og bildebokforfattaren Lisa Aisato. Bildet Torhild Svendsen med kunstverket "Regndans". - Klikk for stort bileteTorhild Svendsen med kunstverket "Regndans". Jardar Havikbotn  heiter “Regndans” og viser glade ungar som dansar ute. Kunstverket kan assosierast med prisvinnaren. I tillegg fekk ho blomar og diplom av ordføraren. 

Her er formannskapet si grunngjeving:

Bokn kommune sin kulturpris 2021 går til Torhild Svendsen.

Ho er ein stor korpsentusiast og har sjølv spelt i skulekorps. Prisvinnaren har også spelt i Bokn Brass i mange år, der ho m.a. var noteforvaltar i ei årrekke. Då ungane begynte i korps på 1980-talet, var ho med både som noteforvaltar, materialforvaltar og korpssjef. Som regel fyrste mann på øving, og gjorde klart til dei andre kom.

I mange, mange år har ho hatt ansvar for aspirantundervisninga i Bokn, måndag etter måndag, og seminar etter seminar. Er det nokon som ikkje kan komma på øving, så er ho alltid på tilbodssida om ei ekstraøving heime hjå henne!

Torhild Svendsen spør alltid om det trengst hjelp til noko anna, og har som regel eit instrument med til vask heime, eller eit notestativ som trengst å  reparerast. Ho er med på rydding av korpsrom, og tek på seg rydding og kopiering av noter.

Dette gjer ho på dugnad, noko som dei andre stader med same oppgåver får lønn for, men ho vil ikkje ha betalt. Torhild Svendsen har vore med i korpslivet på Bokn i godt over 30 år, og gjer ein kjempejobb for  korpslivet i Bokn kommune!

Heidring frå korpset

Etter kulturprisutdelinga blei Torhild Svendsen også heidra av korpsstyret. Dette, og mykje anna frå nasjonaldagsfeiringa, saman med bilde og video, vil koma i ein reportasje neste veke.