![FORNØGD GJENG: Fv. ordførar Tormod Våga, Leif Vatnaland, Arne Øvrebø, Sigvart Våga, Reidar Alvestad, Olav G. Larsen og forfattar Birger Lindanger.](/handlers/bv.ashx/i18be6d45-7c43-4d1b-a7a1-1ed25f12eea1/w550/kultursogegjeng.jpg)
Tysdags kveld den 29. november kunne dei endeleg halda bøkene i nevane. Det 1247 siders store kultursoge-verket veg over 4 kg, så ein kjenner det godt når ein held banda i hendene.
- Dette har me venta på i alle fall i tre jul'er, sa leiaren i bygdeboknemnda, Leif Vatnaland, og la til at dei starta arbeidet i 2009, då dei m.a. reiste til Haugesund og las i gamle aviser.
Ordførar Tormod Våga takka dei for eit fantastisk arbeid, og sa han ikkje var i tvil om at bøkene vil ligga under mange juletre i år.
Sal
Onsdag 30. november startar salet på Boknatun. Det blir sal alle kvardagar kl. 12-15. Dei som har gåvekort kan ta med dette og bytta det inn i bøker.
Økonomiavdelinga opplyser at sidan kommunen ikkje lenger har banken her, har me problem med å ta i mot store kontantbeløp - og kan dessverre ikkje ta i mot kontantar ved kjøp av Kultursoga.
Kultursoga kostar kr. 1.000,- for to band og me har to alternativ for betaling:
-
Nettbank: Gå inn i nettbanken din og betal kr. 1.000,- til konto nr. 3373.07.00305, Bokn kommune. Merk betalinga med «Kultursoge». Godkjenn betalinga og skriv ut kvitteringa (alternativt send kvitteringa på mail til post@bokn.kommune.no ). Ta denne med og lever ho når du hentar bøkene i Servicetorget.
-
Faktura: Send melding til post@bokn.kommune.no ei stund før du kjem og be om å få faktura på bøkene. Me skriv då ut ein faktura som du kan ta med deg når du hentar bøkene.
![Kultursoga](/handlers/bv.ashx/ibabe0054-5d9e-4369-a0e3-185240c06711/w100/kultursoga.jpg)
Du kan også få bøkene tilsendt saman med faktura. Då kjem porto kr. 160,- i tillegg. Interesserte tar då kontakt på tlf. 52 75 25 00.
Sal i Stavanger
Interesserte som bur i Stavanger kan få kjøpt bøkene hos Rogaland Historielag i Bergelandsgata 30.
Bygdabladet kjem tilbake til ev. andre utsalsstader.